Kva gjer du ved mistanke om fugleinfluensa?
Per no er det ikkje mistanke om at den siste bølgja med fugleinfluensa har komme til Alver kommune. Mattilsynet har tatt prøvar av fugl frå både Alver og Masfjorden, utan å finna spor etter sjukdommen.
Men samstundes er smitten påvist i fuglar som det vart tatt prøvar av tidlegare i år i Øygarden (januar 2023), Bergen (april 2023) og Bjørnafjorden (april 2023).
Mattilsynet ønskjer melding ved funn av desse artane:
- andefuglar (lenke til Store norske leksikon, snl.no)
- havsuler (lenke til Store norske leksikon, snl.no)
- måkefuglar (lenke til Store norske leksikon, snl.no)
- vadefuglar (lenke til Store norske leksikon, snl.no)
- rovfuglar, spesielt ørn og musvåk (lenke til Store norske leksikon, snl.no)
- åtseletarar, kråkefuglar (lenke til Store norske leksikon, snl.no)
- småfugl (berre ved mange daude fuglar på eit lite område)
- rovdyr (primært observasjon av sjuke eksemplar av raudrev, fjellrev, artar i mårdyrfamilien, gaupe; sjå liste over symptom under)
- sjøpattedyr, spesielt steinkobbe og havert, sjå liste over symptom under (lenke til Store norske leksikon, snl.no)
Symptom på fugleinfluensa hjå villfugl vil variera utifrå art, stadiet i sjukdomsforløpet og virusvariant. Dei mest vanlege symptoma er nedsett skyhet, balanseproblem, unormal vriding av hovudet og vanskar med å flyga. Ein fugl kan vera smitta med fugleinfluensa sjølv om den ikkje viser alle symptoma samstundes.
Dei mest rapporterte kliniske symptoma hjå sjuke rovdyr er sirkelgange, skjev stilling av hovudet og dårleg balanse.
Mattilsynet ønskjer å få meldinga på e-post til denne adressa: innmelding.fugleinfluensa@mattilsynet.no
- Kommune, postnummer, adresse og helst også kartreferanse (som du kan finna i kartfunksjonen på mobiltelefonen din)
- Kva art det gjeld
- Kor mange fuglar det gjeld
Les meir på heimesida til Mattilsynet og Veterinærinstituttet:
- Daud eller sjuk villfugl og andre dyr (klikk her, ekstern lenke)
- Fugleinfluensa hjå villfugl i Norge (klikk her, ekstern lenke)
Alver kommune har per i dag ikkje ei ordning for mottak av daude fuglar, sidan det ikkje er smitte her per no.