HeimNyheiterKven fortener Trafikktryggingsprisen i Vestland 2021?

Kven fortener Trafikktryggingsprisen i Vestland 2021?

Send inn ditt forslag!
Publisert: 22.10.2021
Sist endra: 22.10.2021

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ein trafikktryggingspris til nokon som har utmerka seg i trafikktryggingsarbeidet. Både personar, lag og organisasjonar kan motta prisen.

No ønsker dei forslag til kandidatar til prisen velkomne. Alle innbyggarar i fylket har høve til å koma med forslag innan fristen 1. november 2021. 

Trykk her for å nominera din kandidat og lesa meir om prisen 

Trafikktryggingsprisen er på 50 000 kroner og det er trafikktryggingsutvalet i Vestland som avgjer kven som får den. Prisen vert delt ut på den årlege trafikktryggingskonferansen i Vestland. Med dette vert tradisjonen frå Sogn og Fjordane og Hordaland med å heidra folk som utmerkar seg i trafikktryggingsarbeidet halde i hevd.