HjemNyheiterMuggsopp i eit klasserom på Manger skule

Muggsopp i eit klasserom på Manger skule

Ein rapport om inneklimaet i paviljongen på Manger skule viser funn av muggsopptypen grøn jordmugg i klasserommet til 2. klasse.
Publisert: 13.05.2024
Sist endra: 13.05.2024

Det er lite sannsynleg at muggsoppen stammar frå fuktskadar.

– For å vere på den sikre sida, har vi likevel valt å stenge 2. klasse sitt klasserom. Elevane i denne klassen skal bruke andre rom på skulen, til vi får svar på nye prøvar og veit at det er trygt å ta i bruk rommet att, seier kommunalsjef for oppvekst Kristin Moe.

Det er ikkje gjort tilsvarande funn i det andre klasserommet i paviljongen.

– Det er ikkje vanleg å få utslag på berre grøn jordmugg i bygg med pågåande fuktskadar. Soppen kan vekse på treverk, men finst også heilt naturleg ute i naturen. At vi har fått treff på denne kan difor vere tilfeldig. Men vi tar det på alvor og skal sjekke veggar og tak før vi gjer ei ny vurdering, fortel Grethe Elin Mjelde i Miljøretta helsevern.