HeimNyheiterNasjonale retningslinjer frå måndag 7. desember

Nasjonale retningslinjer frå måndag 7. desember

– Tiltaka vi har hatt dei siste vekene blir ikkje lenger påbod og forbod vedtatt i ei forskrift, men vi ønskjer at folk skal halde fram med det gode arbeidet.
Publisert: 04.12.2020
Sist endra: 04.12.2020

Dette  seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad og rådmann Ørjan Raknes Forthun i Alver kommune.

Frå måndag 7. desember er det dei nasjonale retningslinjene som gjeld for innbyggjarane i Alver kommune.

Alver går i tillegg ut med to klare råd:

  • Bruk munnbind på butikkar og andre offentlege plassar der det er fare for at du ikkje kan halde ein meter avstand.
  • Hald fram med heimekontor ut året, om du kan det.

Fortsett det gode arbeidet

Bergen kommune og kommunane rundt har samarbeidd i 4 veker for å handtere ein vanskeleg situasjon.

– Tiltaka har verka. Folk har gjort ein god jobb og vore lojale mot reglane. Det ser vi på smittetrykket i kommunane våre, seier ordførar og rådmann i Alver.

Når det no er dei nasjonale retningslinjene som gjeld i Alver, oppmodar dei alverbuen om å vere like flinke i tida som kjem.

– Vi må ikkje seinke skuldrene og sleppe opp, men gjere meir av det vi veit verkar. Håpet er jo at vi skal unngå at smittetrykket aukar og at det blir nødvendig å innføre tilsvarande forskrift igjen, seier ordførar og rådmann.

Alle kan smitte alle

Meldinga til alverbuen er klar: Det er framleis viktig avgrense talet på nærkontaktar.

– Vi må hugse på at mange av dei som får koronaviruset ikkje blir oppdaga, og kan vere kven som helst av oss. Difor er det viktig at vi oppfører oss som om vi kan smitte andre – og bli smitta av andre, seier ordførar og rådmann.