Naudetatane skal ha øving i Alversund
Øvinga skjer onsdag 15. og torsdag 16. februar.
Publisert:
14.02.2023
Sist endra:
14.02.2023
Tidspunkt for øvinga er klokka 18.30 til 22.00 begge dagar.
I dette tidsrommet blir det ein del trafikk i området. Det vil også bli brukt blålys, og ein kan høyre noko aktivitet og roping på staden.
– Me beklagar ulempene for dei som bur i området, men øvingar som dette er viktige for at me skal halda kompetansen oppe, som igjen er til innbyggjarane sitt eige beste, seier Sondre Ivan Myhr, brannmeister i Nordhordland Brann og Redning.