HjemNyheiterNo kan du søke om tilskot til mangfalds- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

No kan du søke om tilskot til mangfalds- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Frist er 16. februar.
Publisert: 18.01.2023
Sist endra: 18.01.2023

Frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus, kan søke tilskot. Ordninga gjeld både organisert idrett, eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som for eksempel friluftsliv. 

Dette er målgruppene for ordninga:

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låginntekt
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresentert eller opplev særlege barrierar.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  • Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar opp til 26 år, som er jenter/kvinner, eller personar som har funksjonsnedsetting eller minoritetsbakgrunn.

Det kan gjevast tilskot til prosjekt eller til å få dekka eingongsutgifter i 2023 og 2024.

Fristen for å søke på ordninga er 16. februar 2023, klokka 13.00.

Les meir om ordninga og korleis du kan søke her.

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar tilskotsordninga som skal legge til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet.