HjemNyheiterNy estimert opning av bassenga i Radøyhallen

Ny estimert opning av bassenga i Radøyhallen

I arbeidet med å erstatta duken i bassenget i Radøyhallen har det dukka opp uføreseielegeheitar som fører til at opning av bassenget no er estimert til å bli i veke 48.
Publisert: 18.10.2024
Sist endra: 18.10.2024

Kva vart oppdaga?

På den eine kortsida måtte det bestillast ekstra fliser, samt at ein må leggje ny membran.

På begge langsidene er dei gamle kantlistene i tre erstatta med ei ny i stål. Dette har vore ei spesialbestilling med lengre leveringstid.

Terapibassenget

Sjølv om ikkje terapibassenget er direkte råka av skadane let det seg ikkje gjere å opna dette før hovudbassenget er klargjort. Dette er fordi begge bassenga er kopla til same ventilasjonssystem, og vi vil ha vanskar med å halde temperaturen i «terapien» på eit tilfredsstillande nivå utan å måtte bruke mykje energi og ressursar på å halde vatnet varmt i anleggsperioden.

Om vi hadde gjort dette ville det i tillegg ført til dårlege arbeidstilhøve i delen der hovudbassenget ligg. Terapibassengdelen vert også brukt som inn- og utgang i samband med lossing av ein del utstyr og verktøy som trengs i arbeidet. Det let seg difor diverre ikkje gjere å opne denne delen av bassenget tidlegare.

Midlertidig bassengtilbod i Alversund

Medan vi ventar på at arbeidet i bassenga i Radøyhallen skal bli ferdigstilt har vi fått på plass eit midlertidig tilbod om offentleg bading i bassenget i Alversund. Mange har nytta seg av dette til no. Det er kjekt å sjå!

Her er det ope tysdagar kl. 17-21 ,og laurdagar kl. 12-16 inntil vidare. Meir informasjon om tilbodet kan du lese her: Alver kommune - Vrimlehall i Nordhordlandshallen og ope basseng i Alversund

Vi seier oss leie for at bassengtilbodet i Radøyhallen let vente på seg, og at dette går utover nyttig aktivitet for små og store. Vi håpar samstundes at utbetringane som vert gjort no fører til færre framtidige, og lengre stengingar.