HeimNyheiterNy Smittestopp-app klar for nedlasting

Ny Smittestopp-app klar for nedlasting

No kan du laste ned den nye Smittestopp-appen. Appen er frivillig å bruke, og er for deg som er over 16 år.
Publisert: 21.12.2020
Sist endra: 22.12.2020

Informasjonsplakat Smittestopp-app

Kva er Smittestopp?

Smittestopp er ein app frå Folkehelseinstituttet (FHI). Han skal vere med på å forhindre at koronaviruset spreier seg i samfunnet. Du avgjer sjølv om du vil bruke appen.

Dersom du tek ein test og han viser at du har koronavirus, kan du gje melding til andre gjennom appen. Då får dei vite at dei kan ha vore utsette for smitte, og får råd om kva dei skal gjere. Slik kan appen forhindre at endå fleire blir sjuke. Appen gjev ikkje informasjon om at det er du som er smitta.

Korleis får du appen Smittestopp på telefonen?

  • Last ned appen frå App Store eller GooglePlay.
  • I appen følgjer du instruksjonane du får opp på skjermen.
  • Dersom du ikkje forstår språket, be nokon om hjelp til å forklare teksten.

Korleis fungerer appen Smittestopp?

Når du er i nærleiken av ein person som også har appen på telefonen, sender telefonane signal til kvarandre.
Dersom ein annan person testar seg og har koronavirus, så hugsar appen at telefonen din har vore i nærleiken av telefonen til den smitta. Du vil då få melding i appen om kva du bør gjere. Du kan også velje om du vil gje melding til andre dersom du er smitta.
Dersom du får melding frå appen, får du berre vite at du har vore utsett for smitte, ikkje kven som er smitta eller kvar. Korkje styresmakter eller privatpersonar får vite kven de er eller kvar de har vore.

Personvern

  • Du må vere over 16 år for å bruke Smittestopp.
  • Informasjon om deg blir sletta etter 14. dagar utan at du treng å gjere noko.
  • Du kan slette informasjon om deg sjølv i appen når du vil.
  • Du kan slette appen når du vil.

Press here for information about the Smittestopp app in foreign languages