Nytt gang- og køyremønster i Knarvik frå byrjinga av august
Når?
E39 blir lagt om i byrjinga av august. Endringane blir skilta og vil vara i ein lengre periode, medan Vegvesenet byggjer ny oval rundkøyring.
For deg som køyrer bil
- E39 gjennom delar av Knarvik vert lagt om.
- Avkøyringa frå E39 til Kvassnesvegen ved Reikeråsbygget blir flytta. Ny avkøyring kjem aust for Reikeråsbygget.
- Avkøyringa til Helsehuset som har vore stengt ei tid vil vera stengt fram til sommaren 2022.
- E39 vil vera open i heile anleggsperioden med avkøyringar til sjukeheimen, Reikeråsbygget og Knarvik Senter.
For deg som går
- Det vil ikkje vera mogleg å gå eller sykla langs E39 mellom Knarvik senter og Stallane og Såtafeltet. Biletet nedanfor viser nytt gangmønster.
Foto: Statens vegvesen.
For meir informasjon om prosjektet, sjå nettsida til Statens vegvesen.