Offisiell opning av Region Nordhordland Helsehus
I strålande solskinn knytte statsråd Kjersti Toppe bandet som markerte den offisielle opninga av Region Nordhordland Helsehus.
Publisert:
09.09.2022
Sist endra:
09.09.2022
29.august var det endeleg duka for storslagen opningsmarkering av Region Nordhordland Helsehus. På allmenningen utanfor Helsehuset var ordførarane i eigarkommunane, toppleiing og representantar frå tenestene i bygget og andre inviterte gjestar samla.