Økonomiplanen for 2021 - 2024 er klar
Lurar du på kva Alver kommune skal bruke pengar på dei neste 4 åra? Her kan du sjå rådmannen sitt framlegg.
Publisert:
17.11.2020
Sist endra:
19.11.2020
Kvart år skal kommunestyret vedta budsjett for det kommande året og økonomiplan for dei neste 4 åra.
Budsjettet og økonomiplanen fortel om den økonomiske stoda til kommunen og kva økonomiske prioriteringar rådmannen gjer framlegg om for 2021 og for perioden 2021-2024.
Dokumentet er eit viktig styringsdokument for kommunen, som gjev rammer for dei tenestene og investeringane som kommunen skal yte dei neste 4 åra.
Rådmannen sitt framlegg skal handsamast i kommunen sine styringsorgan i desember, og endeleg vedtak skal gjerast av kommunestyret på møtet.
Trykk her for å sjå økonomiplanen for 2021 – 2024 med budsjett for 2021.
MERK: Dersom du har problem med å opne økonomiplanen kan løysinga vere å bytte nettlesar.