HeimNyheiterOmikron-varianten påvist i Alver

Omikron-varianten påvist i Alver

Frå og med onsdag 22. til tysdag 28. desember har 95 personar fått påvist koronavirus (med PCR-test) i Alver kommune. Fire av desse er omikron-variant.
Publisert: 28.12.2021
Sist endra: 28.12.2021

Den siste veka har vi fått bekrefta fire tilfelle av omikron i Alver. Omikron-varianten smittar lettare enn deltavarianten. Vi kan difor forvente auke i tal smitta framover.

- Det er no særs viktig med god etterleving av nasjonale reglar og råd, mellom anna isolasjon, karantene, bruk av munnbind, halde avstand og ha færre nærkontaktar, seier kommuneoverlege Terese Folgerø.

Koronavaksine bekyttar godt mot alvorleg sjukdom og det er framleis mogleg å få både dose 1, 2 og 3 i Alver. 

Trykk her for meir informasjon, vaksineringstider og bestilling