Opningstider på innbyggjarservice i jula
Kommunehuset på Manger blir i tillegg stengt måndag, tysdag og onsdag i romjula, 28.-30. desember.
Har du avtale med nokon på kommunehuset ein av desse dagane? Han eller ho du har avtale med hentar deg ved hovudinngangen.
Slik når du oss
Du når oss framleis på telefon 56 37 50 00 alle kvardagar frå 08.00 til 15.30.
På julaftan og nyttårsaftan svarar vi på telefon til klokka 12.00.
Nettsida vår www.alver.kommune.no tar ikkje ferie. Her kan du lese om tenester og aktivitet i kommunen – kvar dag, heile døgnet!
Takk for i år!
Vi takkar for mange gode samtalar med innbyggjarar i heile kommunen i 2020 og ønskjer alle ei riktig god jul – og godt nytt år!