HeimNyheiterPlanlagt stenging av E39 ved Litle Urdaltunnelen

Planlagt stenging av E39 ved Litle Urdaltunnelen

Det er oppdaga større blokker i terrenget over Litle Urdaltunnelen som må fjernast i veke 25.
Publisert: 15.06.2021
Sist endra: 15.06.2021

Fjellreinsk, opprydding og eventuell reparasjon av veg er venta å vere så omfattande at vegen kan bli stengt i heile veke 25.

Litle-Urdaltunnelen er siste tunnelen før avkøyring til Modalen og stigning mot Romarheimsdalen når du kjem frå Knarvik.

Omkøyringsvegar er Fv 57 via Leirvåg - Sløvåg, Fv 570 via Masfjordnes - Duesund og Fv 571.

Meir informasjon ligg ut som trafikkmelding på heimesida til vegvesenet.

Trykk her for trafikkmeldingar frå vegvesenet