HjemNyheiterRedusert drift i helsestasjon- og jordmortenesta i veke 10 og 11

Redusert drift i helsestasjon- og jordmortenesta i veke 10 og 11

Det betyr at det er færre timeavtalar enn vanleg og det kan ta lenger tid å få svar på telefon og e-post.
Publisert: 28.02.2023
Sist endra: 28.02.2023

Årsaka til redusert drift er at tenesta skal byte fagsystem og journal må førast manuelt i denne perioden.

Kva betyr dette for deg?

Dei som har fått endra avtalane sine har fått direkte beskjed om dette.

Har du har ein avtale i veke 10 eller 11 og ikkje har fått beskjed om at timen er endra? Då møter du som avtalt til oppsett time.

Kva skjer?

Veke 10:

  • Redusert drift heile veka. Det betyr at vi har færre timeavtalar enn vanleg på helsestasjonen, i skulehelsetenesta og jordmortenesta.

Veke 11:

  • Måndag 13. mars til onsdag 15. mars: Helsestasjonen, skulehelsetenesta og jordmortenesta er stengt då alle tilsette er på opplæring. Ved akutt sjukdom eller behov for legetilsyn gjeld som vanleg; kontakt fastlegen din eller legevakt.
  • Torsdag 16. mars og fredag 17. mars: Redusert drift. Det betyr at vi har færre timeavtalar enn vanleg på helsestasjonen, i skulehelsetenesta og jordmortenesta.