HjemNyheiterRevisjon av kartlegging av friluftsområde i Alver kommune

Revisjon av kartlegging av friluftsområde i Alver kommune

I 2016/2017 gjennomførte Lindås, Meland og Radøy ei kartlegging og verdisetjing av friluftlivsområda i kommunane. Kartlegginga vart gjort i tråd med rettleiaren M98-2013 Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder.

Det er viktig å ha eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om friluftlivsområda i kommunen til arbeidet med kommuneplanen sin arealdel. Alver kommune går difor gjennom og oppdaterer kartleggingane frå dei tidlegare kommunane.

Den førebelse reviderte kartlegginga er lagt ut på Friluftsliv i Alver kommune (nordhordlandskart.no). Hak av for Friluftsområde Områdetype og/eller Friluftsområde Verdi for å sjå kartlegginga. Klikk på områda i kartet for å få fram informasjon om kvart av områda.

Me ynskjer innspel på følgjande:

  • Skildringa av områda
  • Er det friluftslivsområde som manglar i kartlegginga?
  • Er avgrensinga på dei kartlagde områda rett?
  • Er det sett rett verdi på områda (verdien vert sett på bakgrunn av verdikriteria i rettleiaren. Sjå s. 20-23 og s. 36-39)?

Innspel til kartlegginga kan sendast til post@alver.kommune.no eller til Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug. Merk innspelet med «Innspel til kartlegging av friluftslivsområde».

Frist for å koma med innspel er 26. mars.

Har du spørsmål om kartlegginga? 
Kontakt rådgjevar kultur Bente K. Hervik tlf. 99245469 eller e-post bente.kopperdal.hervik@alver.kommune.no.


Sist oppdatert: 10.03.2023
Publisert: 10.03.2023