HjemNyheiterSamarbeid ved samlivsbrot

Samarbeid ved samlivsbrot

Bjørgvin Familievern tilbyr eit gratis to-timars kurs der tema er utfordringar i samarbeid ved samlivsbrot, og kva konsekvensar dette kan ha for barna.
Publisert: 27.01.2023
Sist endra: 27.01.2023
  • Tid: 23. februar 2023 klokka 09:00 - 11:00
  • Stad: Helsehuset i Knarvik (RNH), møterom Gulen i 6. etasje

Tema på kurset: 

  • Konsekvensar for barn ved konfliktar mellom foreldre.
  • Kva kan eg gjere for å skåne barna for ei pågående konflikt?
  • Korleis forstå konflikt og mekanismane i konflikta?
  • Råd for å dempe konfliktar.

Vi anbefalar at begge foreldra deltek på kurset. Deltakarane deler ikkje eigne erfaringar eller historiar med dei andre deltakarane på kurset. 

Påmelding til kommunepsykolog John Petter Wadseth på:

Trykk her for å lese om barnets beste ved samlivsbrot på bufdir.no