HeimNyheiterSiste nytt om næringslivet i Nordhordland

Siste nytt om næringslivet i Nordhordland

Er du interessert i kva som rører seg i næringslivet i Nordhordland. Då kan du følgje med på livsendinga måndag 22. mars.
Publisert: 19.03.2021
Sist endra: 19.03.2021

Program:

Velkommen til Arena Nordhordland

Sara H. Sekkingstad, ordførar i Alver kommune

Kan Nordhordland knekke Vestlandskoden?

Her får du premieren på EYs ferske scenarioanalyse for Nordhordland. Kva slags moglegheiter har vi, og kva for barrierar må vi forsere for å lukkast med å sikre arbeidsplassar og velferd?

Prosjektleiar Vegard Sjursen og analyseansvarleg Maren Kamlund, EY

Green Spot Mongstad

Green Spot Mongstad kan bli ei av Noregs største grøne industriklynger og utløyse nye arbeidsplassar og auka verdiskaping. Kor går vegen vidare?

Børge Brundtland, dagleg leiar i Industriutvikling Vest

Infrastruktur: Kraftsituasjonen og vegen vår

To utfordringar som kan gi store moglegheiter om vi klarer å løyse dei: Vi manglar straum til planlagte industriprosjekt, og vi står i kø på E39 Vågsbotn-Klauvaneset. Kva må til?

Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag

Kva betyr dette for næringslivet og utviklinga i regionen vår?

Reaksjonar og kommentarar frå:

Oddbjørn Haukøy, CEO i PSW Group AS

Janne Hellebø, distriktsleiar i TESS Vest AS, Nordhordland

Karstein Totland, ordførar i Masfjorden og regionrådsleiar i Nordhordland


Programleiar:

Tore André Sines, Industriutvikling Vest

Trykk her for lenke til lenke til livesendinga på Facebook.