HjemNyheiterSjå kva som skjer under Nynorskdagane

Sjå kva som skjer under Nynorskdagane

Det kryr av spennande og flotte innslag under Nynorskdagane i Alver. Her skal det nynorske skriftspråket og dialekten feirast med bokbad, stadnamngransking, familiedag, pubkveldar og konsertar.
Publisert: 16.09.2022
Sist endra: 16.09.2022

- Det er mykje å sjå fram til, lovar Marit Gro Berge (Alversund Mållag), Haakon Aase (Meland Mållag) og Geir Olav Repål (Radøy Mållag).

Bandet Foreningen for By og Bygd opnar Nynorskdagane med konsert i samfunnshuset Skogen Sletta 23. september. Dei spelar eigne og omsette låtar i sjangeren country og amerikana, sjølvsagt på nynorsk og med eit «skeivt» fokus.

Kjem heim med ny bok

Den utflytta radværingen Emil André Erstad, no kommentator i Vårt Land, kjem heim til Strilabiblioteket på Manger 27. september for ein prat om boka si, «Mørkemann – mi reise til kristenkonservatismen og tilbake».
Meir bokbad står på programmet når tre prisløna forfattarar kjem til Strilabiblioteket i Knarvik. Her skal Tormod Haugland, Marit Eikemo og Brynjulf J. Tjønn samtala om bruk av språket i tekstar, og korleis språk og innhald høyrer saman.

Rotfesta i eigen kultur

Nynorskdagane byr også på full trøkk med folkemusikk frå Strilelandet på familiekonserten «Ro, ro til Siraland» på Nordhordland folkehøgskule 25. september. Elevar frå skulane Leiknes og Grasdal, og Tiriltunga barnekor, framfører tradisjonelle songar frå bygdene våre, med støtte frå vaksne musikarar som også leverer eigne folkemusikalske bidrag som danseslåttar og slåttestev, salmetonar og kulokkar.
Denne familiekonserten byggjer mellom anna på Kjersti Møllerup Wiik og Linda Røyseth Sandhåland sitt barnesongprosjekt. Konserten er ein del av den nyskipa Elias-festivalen, knytt til folkeminnesamlaren, diktaren, målmannen, spelemannen, bonden og bibliotekaren Elias Mjåtveit (1874-1957). Eit eige Elias Mjåtveit-seminar i Meieriet på Frekhaug set søkjelys på temaet «Landbruk og matsikring i urolege tider – har nordhordlandsbonden ei framtid?»

Stadnamn-Gøril kjem

NRK-journalist og forfattar Gøril Grov Sørdal brenn for stadnamn og vil ausa av sin kunnskap i eit foredrag i Strilabiblioteket i Knarvik 28. september. Ho kan mellom anna avsløra om det finst fleire Himmerik enn Helvete på kartet.
Dagen etter kan du vera med på stadnamn-vandring i området Hopsdal/Mundal. Nokre dagar tidlegare vert det også tilsvarande vandring i Knarvik og mot slutten av nynorskdagane kan du få vita kva namn som Mongsedalen og Rasmusfjellet har kome av på ei vandring på Hjertåsgarden.

Eksotiske vestlandsopplevingar

Forfattaren Gunnar Garfors tek deg med til litt meir eksotiske vestlandsopplevingar i boka «Vestlandet – bortom allfarveg – 99 reisetips til ein briljant ferie». På Alver hotell kan du høyra han fortelja om særeigne overnattingsstader, spektakulære vegstrekningar og spennande opplevingar i våre nærområde, etterfølgd av pubkveld i Skram-kjellaren og eit møte med Vegard Eide.
I biblioteka på Manger, Frekhaug og i Knarvik kan du få med deg eit samtaleprosjekt, «På flukt», basert på boka «Polarnatta» av Sunniva R. Berg.

Knapt noko er kjekkare enn å verta lese for, og no har du sjansen til å senka skuldrane og låna øyra til Håvard Giezendanner på ei lesestund for vaksne på biblioteket i Knarvik.

Sterk finale

Den anerkjende artisten og Spelemannsvinnaren Sigrid Moldestad saman med det lokale mållagskoret Måltrastena set punktum for rikhaldige nynorskdagar på Nordhordland folkehøgskule 2. oktober. Dette er ein konsert med Moldestad sine songar arrangert for kor og band. Ho gav ut sitt sjette soloalbum i fjor, og har også jobba på Det Vestnorske Teateret i fleire sesongar, mellom anna i krønikene «Heim» og førestillinga «Vestland, Vestland».

- Mange strilar har gjort striledialekten kjend langt utover Strilelandet. No skal me feira nynorsken og arven etter Ivar Aasen sitt arbeid på midten av 1800-talet med å etablera eit norsk språk som skulle byggja på dei norske dialektane. Og i Alver og Nordhordland er dialekten noko folk er stolte over, seier Marit Gro Berge.
I løpet av nynorskdagane kan du også få eit innblikk i Ivar Aasen som lyrikar og komponist på Seniorsenteret i Knarvik, presentert av den kanskje fremste Aasen-kjennaren og tidlegare professor Terje Aarset. Samlinga «Symra (1863) er Aasen sitt hovudverk og inneheld mange av dei dikta og songane han er kjend for, som «Nordmannen», «Gamle Grendi» og «Dei gamle Fjell». Programkomiteen består av mållaga i Alver, Strilabiblioteket og avdeling for kulturutvikling, idrett og frivilligheit i Alver kommune.

Trykk her for å sjå heile det flotte programmet

Foreningen for By og Bygd. Foto: Eivind Senneset