HeimNyheiterSjølvtest før barnehage og skule etter juleferien

Sjølvtest før barnehage og skule etter juleferien

For å unngå smittespreiing seier Helsedirektoratet at tilsette i barnehage og elevar og tilsette i barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule bør teste seg med hurtigtest etter ferien.
Publisert: 28.12.2021
Sist endra: 29.12.2021

Testen skal tidlegast utførast 24 timar før dei går på jobb eller skule fyrste dag etter juleferien. Føremålet er å fange opp smitte før oppstart i barnehagar og skular.

I slutten av november fekk kvar husstand med barn i barnehage eller skule i Alver kommune utdelt ein 5-pakning med hurtigtestar. Grunna avgrensa tilgang på hurtigtestar, er det viktig at dei testane som vart delt ut i november blir brukt opp før de ber om nye.

Dei som treng nye testar vil få høve til å hente ein ny test til kvar elev. Denne ordninga gjeld ikkje barn i barnehage.

Føresette til elevar i barneskule og ungdomsskule kan hente hurtigtest til sitt barn/ungdom her:

  • 29.12.21, Manger skule, kl. 13.00-15.30
  • 29.12.21, Lindås barneskule, kl. 13.00-15.30
  • 29.12.21, Ostereidet barneskule, kl. 13.00-15.30
  • 29.12.21, Rådhuset i Knarvik, kl. 11.00-15.00

Dei som ikkje rekk å hente desse dagane kan hente på koronasenteret i deira opningstider

Tilsette får hurtigtest delt ut på arbeidsplassen, etter nærare informasjon frå leiar.

Elevar ved Knarvik vidaregåande skule får hurtigtestar utdelt ved skulen første skuledag.

Testen skal takast tidlegast 24 timar før start på jobb eller skule den 3. januar 2022, altså den 2. januar (helst om kvelden) eller om morgonen den 3. januar.

Hald deg heime dersom du er sjuk eller har symptom.

Dersom prøven viser "invalid" - ta ny test.

Dersom hurtigtesten er positiv og visert at du har korona, må du ta ny test på koronasenteret. Hald deg heime, isoler deg frå dei du bur med (om du kan) og ring koronasenteret så snart du kan i deira opningstid.

Telefon: 56 37 59 00

Du må sjølv melde ifrå til nærkontaktane dine at du har fått korona, og seie at det er tilrådd at dei testar seg med hurtigtest.