HeimNyheiterSkal kartlegge fritida til barn og unge i Alver

Skal kartlegge fritida til barn og unge i Alver

23. - 24. mai blir alle barnefamiliar i Alver inviterte til å delta i ei undersøking om fritida til barna.
Publisert: 23.05.2022
Sist endra: 25.05.2022

Undersøkinga vil gi ny kunnskap om heile fritidslivet til barn og unge i heile Vestland.

Resultatet gir kunnskap som kan legge til rette for betre tilbod, og blir viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Kven blir spurt om å delta?

Vi spør ein tilfeldig plukka forelder av barn mellom 3 og 18 år som bur i Vestland fylke. Invitasjonen blir sendt via e-post til den adressa som er registrert i folkeregisteret. Du kan kun svare gjennom den sikre koplinga i invitasjonen, og kun om det barnet som er trekt ut. Grunnen er både knytt til sikkerheit og fordi det alt er data om barnet som er trekt ut i skjemaet.

Dei føresette blir spurde om barn og unge si fritid, si eiga rolle, og om medievanar dei har. Spørjeskjemaet vil ta om lag 15 minutt å svare på. Frist for å svare er 17. juni.

Kvifor er undersøkinga viktig?

Resultata frå undersøkinga vil gje eit godt kunnskapsgrunnlag for kommunen, institusjonar og organisasjonar innan kultur, idrett og friluftsliv.

Undersøkinga vil vere relevant for folkehelsearbeidet, drift og planlegging innan kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd og kultur.

Barnefamiliepanelet

Deltakarane i undersøkinga blir ein del av Vestland sitt barnefamiliepanel. I Bergen kommune har barnefamiliepanelet gått i tre omgangar sidan 2019. I år er undersøkinga for første gang utvida til å dekke alle kommunane i Vestland fylke.

Meir info

Vil du vite meir om undersøkinga og barnefamiliepanelet?

Trykk her for meir informasjon på vlfk.no/barnefamilie.