Skal ta imot 180 nye flyktningar
I 2022 har Alver kommune busett 195 flyktningar, mange av desse har kome frå Ukraina. No har kommunen i første omgang fått spørsmål om å ta imot 180 flyktningar i 2023.
– Eg er stolt over varmen innbyggjarar og tilsette har vist flyktningar som har kome til Alver i år, og ser fram til at vi ta imot fleire flyktningar i 2023, seier ordførar Sara Sekkingstad.
Ho oppmodar innbyggjarar med ledige hus og leilegheiter om å ta kontakt med kommunen. Ho ber også bedrifter som treng arbeidskraft om å melde ifrå til flyktningtenesta til NAV.
Er du flyktning?
Trykk her for å sjå korleis du kan registrere deg, få tilgang til bustad og helsetenester.
Ønskjer du å leige ut bustad?
Trykk her for å sjå korleis du kan melde ifrå om ledig husvære.
Har du arbeid til flyktningar?
Trykk her for å sjå korleis du kjem i kontakt med flyktningtenesta til NAV Alver.