HeimNyheiterSlik får vi raskast vaksinert flest mogleg innbyggjarar

Slik får vi raskast vaksinert flest mogleg innbyggjarar

Frå veke 26 er planen å starte med seks veker mellom første og andre dose av koronavaksinen.

– Grunnen til at vi kan forkorte tidsintervallet mellom første og andre dose av koronavaksinen er at vi har svært dyktig helsepersonell som vaksinerer. Dei klarer å trekke ut ein ekstra dose av dei fleste hetteglasa vi får med Pfizer-vaksine, forklarer Terese Folgerø, kommuneoverlege i Alver kommune.

2000 ekstra dosar

Folkehelseinstituttet legg til grunn at kvart vaksineglas inneheld seks dosar, men ved å bruke ein spesiell teknikk kan ein trekkje ut ein sjuande dose. Til no har helsepersonellet i Alver klart å trekke ut 2000 ekstra dosar.

– Når vi bruker denne teknikken får vi vaksinert fleire alverbuar tidlegare, og vi kan derfor korte ned på tidsintervallet mellom dosane. Kor lenge vi kan halde på seks veker-intervallet mellom dosane er avhengig av vaksineleveransane til Noreg og til Alver, seier Folgerø.

Registrer deg for vaksine

Denne veka fekk 534 personar i Alver dose 1, og 986 innbyggjarar dose 2. I neste veke vaksinerer vi gruppa 64-55 år med dose 1. I tillegg vil ein del innbyggjarar med underliggjande sjukdommar/tilstandar få vaksine neste veke.

Gruppa 54-45 år står snart for tur og deler av denne gruppa vil vere dei første som har seks veker mellom dosane. Endringa frå ni til seks veker mellom dosane trer i kraft i veke 26. Nokon av dei som får første dose i veke 26 vil derfor ha ni veker mellom dosane, og andre vil ha seks veker mellom dosane.

– Vi jobbar oss raskt nedover i aldersgruppene no. Snart kallar vi inn innbyggjarar som er 40 til 44 år, samtidig som 18 til 24-åringane. Dei er i same prioriteringsgruppe. Dei  som har registrert seg i Helseboka vil få tilbod om time først. Så no oppfordrar vi alle som ikkje har registrert seg for vaksine om å gjere det snarast, seier Folgerø.


Sist oppdatert: 11.06.2021
Publisert: 11.06.2021