HeimNyheiterSlik skal innbyggjarane i Alver få koronavaksine

Slik skal innbyggjarane i Alver få koronavaksine

Er du mellom 18 og 64 år og i ei av risikogruppene på grunn av underliggande sjukdom vil du få koronavaksine hos fastlegen din. Alle andre over 18 år får tilbod på massevaksinasjon.
Publisert: 10.03.2021
Sist endra: 11.03.2021

Hittil har Alver kommune tatt kontakt med og vaksinert dei eldste innbyggjarane. Kommunen følgjer prioriteringslista til Folkehelseinstituttet og starta med dei som er på sjukeheim. No vaksinerer kommunen aldersgruppa 75-84, og har kome ned i alder til dei som er 76-78 år.

Etter massevaksinasjon denne veka har om lag 2.000 innbyggjarar og helsepersonell fått første dose. Litt over 1700 av desse har fått dose nummer to.

­Plan for alle

– Mange tar kontakt med oss og lurar på når og korleis dei får tilbod om vaksinen. Difor er eg glad for at vi no kan fortelje kva som er planen for alle innbyggjarar over 18 år, fortel kommuneoverlege Terese Folgerø.

Planen er todelt.

  • Er du mellom 18 og 64 år og i ei av risikogruppene på grunn av underliggande sjukdom, vil du få koronavaksine hos fastlegen din. Fastlegekontoret tar kontakt når det er din tur.
  • Alle andre over 18 år skal registrere seg i Helseboka og vil få tilbod om vaksine på massevaksinasjon.

Fastlegekontoret tar kontakt

– Fastlegane veit kven som er i risikogruppene og vil ta kontakt med dei som står for tur. Har du ein underliggande sjukdom og kjem inn under ei av risikogruppene på lista til Folkehelseinstituttet, treng du difor ikkje å ta kontakt for å bestille time, forklarar kommuneoverlegen og legg til:

– Dei fleste som har fastlege i ein nabokommune vil få tilbod der, sjølv om dei bur i Alver. Om dei ikkje gjer det eller fastlegen er på ein heilt annan kant av landet, kan dei ta kontakt med innbyggjarservice. Det er viktig at alle får eit tilbod om vaksine, seier kommuneoverlegen.

Det er Folkehelseinstituttet som avgjer kva rekkefølgje kommunane skal vaksinere innbyggjarane sine. Dei avgjer også kven som skal ha dei ulike vaksinetypane.

– Denne veka vart det klart at vaksinetypane vi har i Noreg for tida er likeverdige. Dei har same bruksområde og same effekt. Det betyr at rekkefølgja vi vaksinerer i vil vere den same som prioriteringsrekkjefølga til Folkehelseinstituttet, uavhengig av kva vaksinetypar vi får, forklarar kommuneoverlegen.

Ber innbyggjarar om å registrere seg

For nokre veker sidan tok kommunen i bruk eit digitalt verktøy som både skal hjelpe kommunen med å halde oversikt over kven som ønskjer vaksinen og opne for at innbyggjarar som står for tur kan bestille time.

– Først bad vi dei eldste om å registrerer seg i systemet som heiter Helseboka. No opnar vi opp for at alle som er født i 2003 eller tidlegare, som ikkje høyrer til i ei risikogruppe på grunn av underliggjande sjukdom, kan melde ifrå om dei ønskjer vaksinen, fortel kommuneoverlegen.

Ho er imponert over kor mange av dei eldste som allereie har registrert seg, og oppmodar no alle om å gå inn på nettsida til kommunen og følgje lenka der til det digitale systemet.

Klar på kort varsel

For mange vil det ta lang tid frå dei registrerer seg til dei får beskjed om at dei kan bestille time til vaksinasjon, men alle må vere klare for hive seg rundt når meldinga først kjem.

– Vi får berre ei veke eller to forvarsel på kor mange vaksinar som kjem kvar veke. Men vi veit at det snart kjem større mengder enn vi har fått hittil. Det er difor viktig at folk er klare og kan stille på kort varsel, seier Folgerø.