HeimNyheiterSmittetilfelle knytt til aktivitetsveke på Radøy

Smittetilfelle knytt til aktivitetsveke på Radøy

30 barn og 14 aktivitetsleiarar er i karantene etter at ein person knytt til sommarskulen har fått påvist koronavirus.
Publisert: 09.07.2021
Sist endra: 09.07.2021

Alver kommune har ei rekkje tilbod til barn og unge i sommarferien. Personen som har fått påvist koronavirus har vore på aktivitetsveke for barn i 1. – 6. klasse på Manger.

Dette betyr at ei rekkje barn og vaksne er i karantene og må teste seg for koronavirus. Koronasenteret har tatt direkte kontakt med alle som skal teste seg.

– Vi hadde 30 barn på dette tilbodet, som vart avslutta i dag. I tillegg har 14 aktivitetsleiarar bidratt ein eller fleire av dagane, fortel ungdomskoordinator Robert Lorang Hansen.

Situasjonen påverkar ikkje andre liknande tilbod i sommar.

Trykk her for å gå til sida med oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Alver.