Søk tilskot til trafikktryggingsaktivitetar

To gongar i året deler Vestland fylkeskommune ut tilskot til aktivitetar som bidrar til å tryggje trafikk og trafikantar. Søknadsfrist er 11. desember 2022.
Publisert: 24.11.2022
Sist endra: 24.11.2022

Målet med ordninga er å styrkje det førebyggjande og trafikantretta arbeidet med trafikktrygging som skjer lokalt og regionalt i fylket.

Ein kan få tilskot til haldningsskapande tiltak, informasjonstiltak, opplæringstiltak (inkludert trafikantopplæring), arrangement, kampanjar, aksjonar og prosjekt (med meir) som bidrar til å tryggje trafikk og trafikantar.

Kven kan søkje?

Kommunar, skular og barnehagar (inkludert FAU), lag og foreiningar, organisasjonar, institusjonar og aksjonsgrupper kan søke om tilskot.

Ordninga gjeld innanfor Vestland fylke. Landsomfattande organisasjonar kan ikkje bli tildelt midlar sentralt.

Trykk her for å lese meir om ordninga og søke om tilskot