HeimNyheiterSøkjer tomt for nytt bufellesskap

Søkjer tomt for nytt bufellesskap

Alver kommune søkjer tomt eller småbruk for etablering av heildøgnsbemanna omsorgsbustader for funksjonshemma.
Publisert: 03.02.2021
Sist endra: 03.02.2021

Det er behov for sju einingar og ein personalbase i bufellesskapet. Det er ønskeleg med ei skjerma lokalisering frå eitt av dei tre kommunesentera i Alver kommune: Knarvik, Frekhaug eller Manger.

For prosjektet er det sett ulike kriterium for val av tomt:

  • God avstand til naboar
  • God avstand til trafikkert veg
  • God avstand frå butikk/senter
  • Lite støy/uro
  • Mogelegheiter for uteaktivitetar/hage
  • Tilpassa ulike brukarar
  • Plass til parkering for 8-10 bilar (gjestar/tilsette)
  • Bør liggje i 10-15 min radius frå eit av dei tre kommunesentera.
  • Bør vere ei romsleg tomt
  • Eit lite småbruk kan gje dei premissane vi ser etter


Fotavtrykket er antatt å få eit samla areal på om lag 1500 m² BRA. Dette inkluderer bueiningane og personalbase med tilhøyrande uteareal, samt parkeringsplass. Det totale tomteareal bør vere på om lag 8 mål.

Ein lokasjon i landlege omgjevnader vil gi ein god kombinasjon av tradisjonell drift av eit bufellesskap og dagaktivitetar som gjev bebuarane fysisk aktivitet knytt til opparbeiding av hage, rydding av skog og kratt, enkelt vedlikehald og skjøtsel av eigedomen i tillegg til gode tilhøve for ulike former for friluftsliv.

For meir informasjon, kontakt:

Trond Engelsen,
eining for eigedomsforvaltning
E-post: Trond.engelsen@alver.kommune.no
Tlf. 453 77 147

Eller:

Line M Valle,
leiar, eining for eigedomsforvaltning
E-post: Line.valle@alver.kommune.no
Tlf. 992 94 474