Sorggruppe i Alver
Kyrkja i Alver og Alver kommune tilbyr sorggruppe for menneske som opplever sorg.
Publisert:
19.11.2020
Sist endra:
19.11.2020
Kyrkja i Alver og Alver kommune tilbyr sorggruppe for menneske som opplever sorg.
Ei tid etter tapet vil mange oppleve at det er godt å treffe andre som har vore gjennom noko av det same.
Kyrkja i Alver og Kreftkoordinator i Alver kommune ønskjer å vere til hjelp med å tilby sorggruppe for menneske som opplever sorg. I gruppa kan ein setje ord på kjensler, tankar og opplevingar kring sorg og tap, og saman med andre i liknande situasjon få hjelp til å finne styrke til å gå vidare med tapet.
Kva er ei sorggruppe?
Anne-Britt Hauge, som er kreft-koordinator i Alver er med, men det tyder ikkje at tilbodet er berre for etterlatne etter kreft.
Sorggruppa skal vere eit trygt fellesskap.
- Ei sorggruppe er eit tilbod om støtte til etterlatte etter dødsfall
- Gruppa har 4-8 deltakarar, som møtes til faste tidspunkt
- Kvar samling er 1,5 time
- Gruppa samlast mellom 8 og 10 gonger, ut frå talet på deltakarar
- Gruppa er for alle– uavhengig av livssyn
- Ein vel sjølv kor mykje ein vil dele
- Gruppa baserer seg på gjensidig teieplikt
- Gruppa er gratis
Gruppa vert leia av to eller tre av kontaktpersonane. Det vert faste leiarar for gruppa.