HeimNyheiterStenger Litle-Urdaltunnelen

Stenger Litle-Urdaltunnelen

Bur du i Romarheimsdalen eller Dyrkolbotn? Her er viktig informasjon til deg.
Publisert: 18.06.2021
Sist endra: 18.06.2021

Måndag 21. juni klokka 07.00 stenger Statens vegvesen Litle-Urdaltunnelen på Vikanes på E39 for å fjerne to ustabile steinblokker. Tunnelen blir stengt til og med søndag 27. juni.

Vi oppmodar innbyggjarar i områda Romarheimsdalen og Dyrkolbotn om å dele informasjonen med naboar og kjende som ikkje får tekstmelding frå kommunen eller er aktive på nett.

Trykk her for å lese korleis du kan registrere mobilnummeret ditt i kommunen sitt varslingssystem.

Har du legetime eller time til vaksinasjon?

Vi oppmodar alle med legetime eller time til vaksinasjon om å bytte time, dersom du ikkje kan nytte omkøyringsvegane.

  • Treng du ny time til massevaksinasjon i Nordhordlandshallen? Ring koronasenteret på 56 37 59 00.
  • Treng du ny legetime? Ring fastlegekontoret ditt.

Treng du akutt hjelp?

Brannberedskapen for alle som bur i Romarheimsdalen og Dyrkolbotn blir varetatt av Modalen stasjon med bistand frå Gulen og Masfjorden brann og redning.

Treng du akutt hjelp? Bruk dei vanlege naudnummera:

  • 116 117 for legevakt
  • 110 for brann
  • 112 for politi
  • 113 for ambulanse

Ekstra ferjer og alternative ruter

Dette finn du meir informasjon om nettsida til Statens vegvesen.

Trykk her for meir informasjon om arbeidet med Litle-Urdaltunnelen på nettsida til Statens vegvesen.