Stenging av matrikkelen og grunnboka i desember
Bakgrunnen er at Stortinget 14.juni vedtok at 2022 at tre fylker skal bli til sju og at ein kommune skal splittast. Med bakgrunn i tildeling av nye fylkes- og kommunenummer har Kartverket estimert tal endringar i matrikkel og grunnbok til å liggje på rundt 50 millionar endringar.
For å redusere risiko og sikre kvaliteten på gjennomføringa av dataendringane, blir matrikkelen og grunnboka stengt for brukarar mot nyttårsskiftet 2023/2024.
- Matrikkelen stenger fredag 15. desember kl. 18:00.
- Grunnboka stenger fredag 29.desember kl. 20:00.
Særskilt om føring av konsesjonsopplysingar:
Alle eigenfråsegner om konsesjonsfritak og alle konsesjonsvedtak som er fatta, må vere registrert i matrikkelen innan fredag 15. desember kl. 18:00.
Dersom innbyggjarar/eigedomsmeklarar sender inn eigenfråsegn om konsesjonsfritak i tidsrommet 15.12.2023-01.01.2024, må dei ta kontakt med kommunen for å avklare innsendinga til Kartverket.
Ta kontakt med kommunen ved oppmålingskontoret eller landbrukskontoret dersom de planlegg å tinglyse skøyte/heimelsovergang i tidsrommet 15.12.2023-01.01.2024.