HeimNyheiterStort smittetrykk på enkelte skular og barnehagar

Stort smittetrykk på enkelte skular og barnehagar

Smittetrykket i Alver gjer at kommunen opnar opp for redusert opningstid i barnehagar og på SFO og heimeskule for dei eldste elevane.
Publisert: 14.12.2021
Sist endra: 14.12.2021

– Situasjonen i barnehagane og skulane våre er svært ulik. Difor er det viktig at vi berre reduserer opningstida og sender elevar på heimeskule i dei barnehagane og skulane der det er behov for dette, seier kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe.

Stort smittetrykk

Smittetala til kommunen har gått bratt oppover dei siste vekene. Sidan måndag 6. desember har 289 innbyggjarar fått påvist koronavirus. Ein god del av desse har tilknyting til barnehagar og skular i kommunen.

– For tida har vi smittetilfelle på om lag halvparten av skulane våre og ein femtedel av barnehagane. For fire av skulane og ein av barnehagane er smittetrykket betydeleg, fortel Moe.

Ho rosar leiarar og tilsette som står på og strekk seg langt for å gi eit godt tilbod til barn og unge i kommunen.

Særlege omsyn

– Kvardagen vi står i no er krevjande for mange – både tilsette, føresette og barn og unge. Der vi gjer tiltak må vi vege ulike omsyn opp mot kvarandre. Vi har særleg fokus på barn som treng ekstra oppfølging og vil sikre at familiar der ein eller to føresette har samfunnskritiske jobbar får eit alternativ tilbod, seier Moe.

Føresette med barn på barnehagar og skular som må endre tilbodet sitt dei neste vekene, vil få direkte informasjon om endringar frå sin barnehage og skule.

Stor del ukjent smitteveg

Kommuneoverlege i Alver, Terese Folgerø, er uroa over utviklinga i kommunen og ber alle om å følgje dei nye nasjonale retningslinjene.

– Det er framleis slik at flest blir smitta av nokon dei bur ilag med, men den siste tida har vi sett at stadig fleire har ukjent smitteveg. Dette betyr at smitten er «over alt», og at personar som ikkje veit at dei har koronavirus, smittar andre dei er i kontakt med, fortel Folgerø.

Ho håpar at rådet om å redusere talet på nærkontaktar og nye karantenereglar, påbod om munnbind og avstand vil bidra til å bremse utviklinga i kommunen.

Ho ber også innbyggjarane om å følgje med.

– Dersom situasjonen endrar seg kan det komme nye reglar på kort varsel.