HjemNyheiterStrammar inn bruken av TikTok og Telegram

Strammar inn bruken av TikTok og Telegram

Tilsette i kommunane i IKT Nordhordland-samarbeidet skal ikkje lenger ha applikasjonane TikTok og Telegram på mobil, nettbrett eller pc som er eigd av kommunen.
Publisert: 29.03.2023
Sist endra: 29.03.2023

Kommunane dette gjeld er: Vaksdal, Aurland, Austevoll, Fedje, Modalen, Gulen, Austrheim, Alver, Osterøy, Masfjorden og Samnanger.

– Vi tar vurderinga til Nasjonal Sikkerheitsmyndigheit (NSM) på alvor. Difor har alle kommunane i IKT Nordhordland-samarbeidet gjort ei vurdering og blitt einige om å be tilsette om å fjerne applikasjonane TikTok og Telegram på tenestemobilar, nettbrett og pc, seier Jo Bjarte Tømmerbakke, styreleiar i IKT Nordhordland-samarbeidet og rådmann i Modalen.

Utgjer høg risiko

NSM vurderer at applikasjonane TikTok og Telegram, som er knytt til Kina og Russland, utgjer ein høg risiko dersom dei er installerte på tenesteeiningar som har tilgang til intern digital infrastruktur eller tenester.

– Justis- og beredskapsdepartementet frårår at politikarar og tilsette i offentleg sektor har applikasjonane TikTok og Telegram på tenesteeinigar, og dette gjeld også no for alle tilsette i kommunane i IKTNH-samarbeidet, seier Tømmerbakke.

Kommunane tilrår sterkt at tilsette også slettar TikTok og Telegram på private einingar dersom dei har applikasjonar som er knytt til arbeidsgivar på desse. Det kan til dømes vere om ein tilsett har kommunal e-postkonto på privat mobil.