HeimNyheiterTilskot til kulturbygg i Vestland

Tilskot til kulturbygg i Vestland

No kan du søkje tilskot til kulturbygg i Vestland. Søknadsfristen er 15. mars.
Publisert: 02.03.2021
Sist endra: 02.03.2021

Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune, samt andre lag som fyller krava i retningslinjene for ordninga, kan søkje tilskot til kulturbygg.

Trykk her for søknadsskjema og meir informasjon 

Ordninga er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd.

Ta kontakt med sigrid.fivelstad@alver.kommune.no for meir informasjon om ordninga.

På bilete under ser ein Ungdomslaget Varden sitt ungdomshus på Grasdal som fekk spelemidlar i 2020.

Ungdomslaget Varden sitt ungdomshus