Under 100 av 3000 i risikogrupper har bestilt time til ny oppfriskingsdose
Alver kommune vaksinerer no innbyggjarar i risikogruppene, men berre eit fåtal har bestilt time.
Folkehelseinstituttet anbefaler ny oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18 til 64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp av koronavirus. Anbefalinga om ny oppfriskingsdose gjeld også for gravide i 2. og 3. trimester.
– Eg oppfordrar alle i desse gruppene til å bestille time no. Omlag 3000 av innbyggjarane i Alver er i ei av risikogruppene. Så langt har under 100 av desse bestilt time for å få oppfriskingsdose denne og neste veke, seier kommuneoverlege i Alver, Terese Folgerø.
Trykk her for å bestille time til vaksinering på gamle Alversund skule
Du kan også bestille time på eitt av apoteka i kommunen som vaksinerer.
Trykk her for meir informasjon om koronavaksineringa i Alver
– Vi kallar ikkje inn til vaksinering, alle må sjølv bestille time, seier kommuneoverlegen.
Dersom du har hatt korona, anbefaler Folkehelseinstituttet at du likevel tar oppfriskingsdose nummer to. Det må ha gått minst tre veker sidan du vart frisk igjen før du kan ta oppfriskingsdosen.
På vaksinedagen må du levere eit eigenerklæringsskjema. Dette kan du skrive ut sjølv eller du kan få det når du kjem til vaksinering.
Trykk her for eigenerklæringsskjema
Du treng ikkje be om dokumentasjon frå lege.
For dei fleste blir dette den fjerde vaksinedosen. Vaksinen som blir brukt er den oppdaterte versjonen av Pfizer.
Risikogrupper:
- Organtransplantert
- Immunsvikt
- Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
- Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)
- Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS og cerebral parese)
- Downs syndrom
- Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon
- Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
- Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar
- Diabetes
- Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året
- Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
- Demens
- Kroniske hjerte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)
- Hjerneslag
Trykk her for å sjå kva andre grupper som blir anbefalt å ta ny oppfriskingsdose