HeimNyheiterUngdomsskular på raudt nivå i 14 dagar

Ungdomsskular på raudt nivå i 14 dagar

Første dag etter juleferien blir ulik for elevane på ungdomsskulane i Alver.
Publisert: 03.01.2021
Sist endra: 03.01.2021

Søndag kveld 3. januar kom meldinga frå regjeringa om at alle ungdomsskular i landet skal over på raudt nivå.

Dette betyr mellom anna at skulane må dele elevane inn i mindre grupper.

– Skulane har gode planar for å handtere dette, men det tar tid å rigge om nokre av skulane. Difor kjem det ulike meldingar frå ungdomsskulane våre om første skuledag i morgon, seier kommunalsjef for oppvekst, Kristin Moe.

Elevar og føresette får informasjon frå rektor eller kontaktlærar på skulen sin. Nokre skular startar veka med heimeskule, medan andre ber elevar om å møte til avtalt tid og stad.

– Eg oppmodar alle om å sjå etter og lese informasjon frå skulen sin. Ta kontakt med rektor eller kontaktlærar om du har spørsmål, seier Moe.