HeimNyheiterUnge utøvarar frå Alver klare for VM og EM

Unge utøvarar frå Alver klare for VM og EM

Vi har tatt ein prat med dei tre før avreise.

Oda Sæbø Lier, frå Frekhaug

Er tatt ut i Noregs landslagstropp til VM i lacrosse i USA i juli.

Kven er du?
Nyutdanna sjukepleiar som er interessert i trening, friluftsliv, vener og lacrosse.

Kvifor er idrett viktig for deg?
Det er veldig gøy å oppleve meistring og idrettsglede saman med andre.
Ein føler at ein er del av eit fellesskap, og det gir mange gode vennskap.
Det er veldig sosialt, samtidig som du heldt deg i aktivitet.

Kva idrettar har du vore aktiv innan tidlegare?
Eg har spelt fotball i mange år før eg starta med studiar. Eg gjekk også på idrettslinje på vidaregåande noko som gjorde at eg fekk prøvd ein del forskjellige idrettar. Der vart eg også veldig glad i volleyball, men no er det lacrosse som har høgste prioritet.

Helene Mariel Ramslien, AKS-77

Er tatt ut i Noregs tropp til U18 EM i friidrett som vert arrangert i Jerusalem
frå 4.- 7.juli. Helene skal delta i øvinga diskos.

Kven er du?
16-åring som er glad i å vere med vener, syngje og spele piano. Eg skal begynne på vidaregåande skule til hausten.

Kvifor er idrett viktig for deg?
Idrett er viktig både på grunn av det sosiale, men det er også kjekt å kjenne på meistringsfølelse, og oppnå mål ein har sett seg.

Kva idrettar har du vore aktiv innan tidlegare?
Eg har spelt fotball før. Har satsa på ulike kastøvingar (diskos, slegge og kule) i to år.

Andrea Nygård Vie, AKS-77

Er tatt ut i Noregs tropp til U18 EM i friidrett som vert arrangert i Jerusalem
frå 4.-7.juli. Andrea skal delta i øvinga 2000 meter hinder.

Kven er du?
16 år og skal starte på vidaregåande på toppidrettslinja på Metis til hausten.

Kvifor er idrett viktig for deg?
Det sosiale aspektet er det viktigaste. Det er kjekt med framgang og gode resultat, men verda fell ikkje i grus om det skulle gå dårleg.

Kva idrettar har du vore aktiv innan tidlegare?
Eg har spelt handball tidlegare, men starta med friidrett i 7.klasse, og då spesielt ulike løpsøvingar. Starta først med hinderspesialisering i april i år.

Frå venstre: Oda Sæbø Lier, Helene Mariel Ramslien og Andrea Nygård Vie. 


Sist oppdatert: 30.06.2022
Publisert: 30.06.2022