HeimNyheiterUtmerka vasskvalitet ved badeplassane

Utmerka vasskvalitet ved badeplassane

43 badeplassar i Nordhordland og Gulen er undersøkt i år, og prøvane viser utmerka vasskvalitet hjå samtlege.
Publisert: 08.06.2022
Sist endra: 08.06.2022

Det er Miljøretta Helsevern som har kontrollert badeplassane, mellom anna for tarmbakteriar. Dette for å sikre at det ikkje er tilførsel av avføring som kan kome av til dømes kloakk. 

Desse badeplassane vart kontrollerte i Alver: 

  • Kvamsvågen
  • Vallevika, Seim
  • Fisketangen, Seim
  • Vågseidestranda, Lindås
  • Spjeldneset, Lindås
  • Nautevågen, Fanebust
  • Skjelvika, Vabø
  • Myking
  • Kvernhusvika, Eknes
  • Litlevågen, Fyllingsnes
  • Hjelmås kai
  • Badevika, Frekhaug
  • Haltejohansvika, Frekhaug
  • Fløksand
  • Hestenesvatnet
  • Smineset, Litlebergen
  • Bøtjørna, Bøvågen
  • Byngja, Bøvågen
  • Vågenes camping, Radøy
  • Nesvatnet, Manger
  • Solheimsvika, Austmarka
  • Hillandsvatnet
  • Alverneset, Isdalstø

MERK: I ferskvatn kan det oppstå algevekst. Ein kan ikkje sjå bort frå at det kan førekomme oppblomstring av blågrønalgar. Kontakt med dette kan gi hudirritasjonar og forgiftingar. Bading frarådast.

Trykk her for å sjåresultat frå prøvetakinga av alle badeplassane i Nordhordland

Alle må sjølv vurdere tilhøva på badeplassane dei besøkjer.