HjemNyheiterVelkommen til gull-feiring i Radøyhallen

Velkommen til gull-feiring i Radøyhallen

Søndag 15. september feirar vi Tommy Urhaug sitt gull i paralympics.
Publisert: 11.09.2024
Sist endra: 11.09.2024

I tillegg til hovudpersonen sjølv, kjem ordførar Sara Sekkingstad, representantar frå bordtennisforbundet og idrettskrins.

Det blir også fleire underhaldningsinnslag frå scena.

Det vert servert kaffi, saft og kaker.

Markeringa er gratis, og open for alle som ønskjer å delta.

Tid og stad: søndag 15. september klokka 17 i Radøyhallen.