Velkommen til kurs for pårørande til personar med demenssjukdom
Erfaring har vist at noko av det som vert mest etterspurt i ein slik situasjon, er kunnskap om sjukdomen og korleis takle kvardagen. Vi tek sikte på 5 samligar der kvar samling er lagt opp med ein time førelesning,1/2 time pause og deretter ein time oppfølgingssamtale i gruppe. Målsetting for gruppesamtalane er drøfting av dagens tema og å utveksle erfaringar som pårørande.
Datoar for samlingane er:
- 15.03.22
- 22.03.22
- 29.03.22
- 19.04.22
- 26.04.22
Tema som vil bli presentert:
- Demenssjukdom – sjukdomslære
- Pårørande si rolle og eigenomsorg
- Kommunikasjon med personar med demens
- Kommunale tilbod – Hjelpeapparatet
- Pårørande og psykisk helse
Lokalisering: Helsehuset i Knarvik, 6 etg.
Tidspunkt: 18 – 20.30
Påmeldingsfrist: 11.03.22. Ein samla pris for deltaking på dei 5 samlingane er sett til 300 kr.
For påmelding/ informasjon kan ein ta kontakt med kommunepsykolog i Alver:
John Petter Wadseth - tlf. 94 51 18 54 eller e-post: johnpetter.wadseth@alver.kommune.no