Velkommen til Nynorskdagane i Alver
Alver kommune er stolte over det nynorske språket, og denne feiringa er ein hyllest til alt som gjer nynorsken heilt spesiell.
I år byr me på ei rekkje fantastiske opplevingar. Det blir mellom anna musikk, teater, litteratur, samtalar og vandringar – for både store og små.
Me opnar festivalen med Endre Olsen & Hestehandlarane, som hyllar vår eigen Ivar Medaas på Samfunnshuset på Sletta. Same dag blir det open scene for ungdom med Ung Alver på Meieriet på Frekhaug.
Det blir debatt- og panelsamtale, der me set «Nynorsken i mitt liv» i fokus. Her kjem kulturredaktør i Bergens Tidende og forfattar Jens Kihl, med både innlegg og som leiar for samtalen.
Me djupdykker ned i nynorsklitteraturen på biblioteket i Knarvik, og me får foredrag og forfattarsamtalar med Marit Eikemo og Anders Totland.
Det blir garantert god stemning når Naboen min spelar barnekonsert på Manger og Frekhaug.
I løpet av festivalen blir det familiedag både inne på Frekhaug og ute på dagsturhytta på Byngja, og for ungdom vert det teikneserieverkstad med Ida Neverdahl.
Sandra Kolstad & Ingrid Olava framfører musikk tonesett til eit utdrag av Jon Fosse sine verk på Frekhaug, og det vert konsert med forfattar og musikar Stein Torleif Bjella på Haugatun på Lindås.
Kompani Aasen tek med seg nynorsk improteater til Frekhaug, og det vert som alltid populære og lærerike stadnamnvandringar.
På biblioteket finn du utstillingar med fokus på nynorsk litteratur, så ta turen innom og oppdag nye litterære talent.
Feir nynorsken saman med oss! Me ønskjer deg gode Nynorskdagar i 2024.
Nynorskdagane er eit samarbeid mellom Alver kommune, Radøy mållag, Alversund mållag og Meland mållag. Nynorskdagane er støtta av Fritt Ord.
Program for Nynorskdagane (pdf)
Program for Nynorskdagane
Fredag 18. oktober
- Endre Olsen & Hestehandlarane - klokka 19.00 på Samfunnshuset på Sletta
- Open scene for ungdom med Ung Alver - Klokka 18.00 på Meieriet på Frekhaug
Laurdag 19. oktober
- Opning av Nynorskdagane - klokka 12.00 på kommunehuset på Frekhaug
- Internasjonal kafé - klokka 12.00 på Meieriet på Frekhaug
- Pop-up bibliotek, hobbyverkstad og lesestund med biblioteket - klokka 12.00 på Meieriet på Frekhaug
- Ida Neverdahl har teikneserieverkstad - klokka 13 på Meieriet på Frekhaug
- Nynorsk i mitt liv - innleiing og debatt ved Jens Kihl kl. 13.00-15.00
Søndag 20. oktober
- Barnekonsert med Naboen min - klokka 12.00 i kinosalen på kommunehuset på Manger
- Stadnamnvandring på Valle og Mykletun med Alversund mållag. Turleiar er Jostein Mykletun og Johan Myking Parkering og frammøte på parkeringsplassen ved friluftsområdet i Vallevika klokka 13.00.
- Barnekonsert med Naboen min - klokka 16.00 på Meieriet på Frekhaug
Måndag 21. oktober
- Foredrag: Gro Holm og andre kvinner i nynorsk litteratur. Med Gro Holm, Jan Inge Sørbø og Håvard Giezendanner - klokka 18.00 på Biblioteket i Knarvik
Onsdag 23. oktober
- Foredrag med Marit Eikemo - klokka 18.00 på Biblioteket i Knarvik
Torsdag 24. oktober
- “Elv på himmelen”, konsert med Sandra Kolstad og Ingrid Olava - klokka 19.30 på Meieriet på Frekhaug
Fredag 25. oktober
- Konsert med Stein Torleif Bjella - klokka 19.00 på Samfunnshuset Haugatun på Lindås
Laurdag 26. oktober
- Improteater med kompani Aasen - klokka 19.00 på Meieriet på Frekhaug
Søndag 27. oktober
- Stadnamnvandring på Isdal med Alversund mållag. Turleiar er Kjersti Isdal og Johan Myking. Parkering og frammøte ved Spar Isdalstø klokka 13.
- Familiedag på Byngja med Radøy mållag - klokka 13.00 på Dagsturhytta «Sjøbua» på Byngja
Måndag 28. oktober
- Senioruniversitet med Jan H. Landro: Kvifor fekk Jon Fosse Nobelprisen i litteratur, og kvifor nett i fjor? - klokka 12.00 i Knarvik Misjonshus
Tysdag 29. oktober
- Forfattarsamtale med Anders Totland - klokka 18.00 på Manger bibliotek