Velkommen til opning av ny sykkelveg i Knarvik
Opning av sykkelvegen er ein del av eit Sykle til jobben-arrangement.
Møt opp på torget ved Helsehuset i Knarvik torsdag 5. mai klokka 17.00 – 19.00.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Sykkelvegen er delfinansiert gjennom Miljøløftet, og arrangementet er eit samarbeid mellom kommunen og Miljøløftet.
Program:
- Offisiell opning av den nye sykkelvegen frå Helsehuset til Såtabu med ordførar Sara Hamre Sekkingstad
- Knarvik skulemusikkorps spelar
- Brannvesenet kjem
- Trafikkfagleg samarbeidsutval stiller med ferdigheits-sykkelløype
- Utdeling av små gåver og premiar
- Gratis sykkelservice
- Moglegheit til å prøve el-sykkel.
Trykk her for å lese meir om prosjektet på side 170 i Miljøløftet sin prosjektportefolio
Kva er Sykle til jobben?
Sykle til jobben er ein aktivitetskampanje for alle. Det er gratis å delta og du kan registrere all fysisk aktivitet, både til og frå jobb og på fritida. Aksjonen varer fram til 17. juni.
Trykk her for å lese meir om Sykle til jobben.
Trykk her for å sjå programmet for Alver.
Velkommen til opning av sykkelveg!