HjemNyheiterVil du bli frivillig medarbeidar?

Vil du bli frivillig medarbeidar?

Har du tid og lyst til å bidra som frivillig? Då vil vi gjerne ha kontakt med deg.
Publisert: 13.09.2024
Sist endra: 13.09.2024

I haust vert det starta opp AKTIVITETSBASE i Knarvik, og etter kvart også på Ostereidet, Manger, Frekhaug og Lindås. Målet med aktivitetsbasane er å bidra til å auke livskvaliteten for innbyggjarar som får helsetenester av kommunen; anten dei bur heime eller på institusjon.

Frivillige medarbeidarar vil få konkrete oppgåver, og vert ein del av eit team. Dei frivillige medarbeidarane vert eit viktig supplement og ei god støtte til det profesjonelle og faglege arbeidet i helse og omsorg.

Kvar og kor tid?

Stad: Knarvik sjukeheim (Oppstart i oktober 2024)
Dag og tid: Kvar torsdag frå kl 10:00 til 14:30
Felles matpakkelunsj for dei som er frivillige kl 12:00 til 12:30

Våren 2025: Oppstart av aktivitetsbase på Frekhaug, Manger, Lindås og Ostereidet

Kva gjer ein som frivillig medarbeidar?

Deltek på aktivitetar saman med dei som bur på sjukeheimen

  • Går turar i nærmiljøet – Til dømes i Brekkeløypa eller senteret
  • Aktivitetar i stova – Til dømes lesing, songstund, brettspel, handarbeid, samtale

Deltek på aktivitetar med personar som bur heime:

  • Går turar i nærmiljøet - Til dømes i Brekkeløypa, kafébesøk eller arrangement
  • Handling – Gjer innkjøp for nokon eller følgjer dei til butikk
  • Sosialisering – Er måltidsven eller samtalepartnar heime hjå innbyggjar

Kvifor bli frivillig?

Som frivillig får du moglegheit til å bruka tid og evne på ein meiningsfull måte – i ein aktivitet som gir deg sjølv og andre mykje. Personleg vil du utvikla deg, både i møte med brukarar, kollegaer og gjennom kurs og oppfølging. Å vere frivillig gir overskot tilbake!
Vi vil gjerne at aktivitetsbasen skal vera ein god møteplass og sosial arena for dei frivillige. Det vert difor lagt stor vekt på fellesskap i lunsjen, samt ein sosial aktivitet kvar vår og haust.

Kan eg vere frivillig?

Vi ser etter deg som er venleg og positiv, glad i menneske og likar å møta andre. Det er behov for personar i ulike aldersgrupper av ulikt kjønn, og gjerne med ulik kulturell bakgrunn. Respekt og forståing for andre menneske er viktig. Vi ynskjer at du snakkar godt norsk og er ein god lyttar.

Korleis blir eg frivillig?

Ta gjerne kontakt med rådgjevar for frivillig innsats i helse og omsorg:
Randi Kvinge.

Tlf: 97 47 50 26
E-post: randi.kvinge@alver.kommune.no

  • Du blir kalla inn til samtale om det å vere frivillig.
  • Alle frivillige må gjennom eit obligatorisk grunnkurs, mellom anna i kommunikasjon, hygiene og teieplikt.
  • Den enkelte får oppfølging av frivilligkoordinator ved aktivitetsbasen i Knarvik.
  • Som frivillig bestemmer du sjølv kor mykje du vil bidra, men me ser helst at du vert med anten kvar veke eller annankvar veke. Dersom du ikkje kan kome er det fint om me får beskjed eit par dagar før.