HeimNyheiterVil du bli fritids- eller treningskontakt?

Vil du bli fritids- eller treningskontakt?

Har du tid til overs? Vil du gjere ein forskjell? Vil du bidra til at andre menneske får ei meiningsfull fritid? Alver kommune søkjer etter fritids- og treningskontaktar til barn, ungdom og vaksne.
Publisert: 17.01.2022
Sist endra: 17.01.2022

Dersom du er interessert i å hjelpe menneske som treng bistand til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar, så vil me svært gjerne høyre frå deg.

Me tilbyr: Løn etter Alver kommune sine satsar, utgiftsdekning og kilometergodtgjersle, fleksibel arbeidstid og jamleg rettleiing.

Kontakt oss på stottekontakt@alver.kommune.no