HeimNyheiterVil du lage sitjeunderlag?

Vil du lage sitjeunderlag?

Vil du vere med å strikke eller hekle eit sitjeunderlag til ei av dei nye dagsturhyttene?
Publisert: 08.12.2020
Sist endra: 08.12.2020

Hyttene kjem på Varden på Eldsfjellet, i Byngja sør for Bøvågen og på Vardefjellet ved Lindås og skal vere ein stad å kvila. Eit godt sitjeunderlag i ull vil dei som vitjar hyttene setje stor pris på. Vil du hjelpe oss?

Sitjeunderlaga kan du levere på Strilabiblioteket på Manger, Frekhaug og i Knarvik. Biblioteka har også bøker med oppskrifter på underlag. Frist for levering er 10. februar.

Illustrasjonsbilde