Vrimlehall i Nordhordlandshallen og ope basseng i Alversund

Velkommen til vrimlehall og ope basseng.
Publisert: 09.10.2024
Sist endra: 09.10.2024

Fredag 11., lørdag 12. og søndag 13. oktober er det "vrimlehall" i Nordhordlandshallen kl. 10-15. Her kan barn, ungdom, vaksne og familiar drive med eigenorganisert aktivitet.

Innandørs løpebane er også open for trening i same tidsrom. Barn under 8 år må kome i følgje med vaksen. Tilsynsvakter på staden kan gi tilgang til lån av utstyr. Tilbodet har fri inngang.

Det er også vrimlehall 20. og 26. oktober. Same tid og stad.

Bassenget i Alversund vil vere ope tysdagar kl. 17-21 og laurdagar kl. 12-16 i veke 42, 43 og 44. Det er badevaktar på staden.

Velkomen til desse flotte aktivitetstilboda for små og store!