HR-rådgjevar
For tilsette
Her finn du lenker til viktige verktøy for tilsette i Alver kommune.
- Internt utlyste stillingar (Lenke til Alver kommune sitt intranett)
- Tilsette i helsesektoren
- Hjelp frå IKT Nordhordland
- Visma - "Min side"
- Webmail
- Kvalitetssystemet
- Sjølvbetjent passordbytte
- Desentraliserte tilskotsordningar for tilsette i barnehage og skule
Kontaktinformasjon HR-avdelinga
Samfunnsutvikling, teknisk forvaltning og drift
Helse og omsorg
Oppvekst
Økonomi, HR og utvikling, kommuneoverlege, juridisk, politisk toppleiargruppa
Spørsmål om personalmappe og politiattest
Kontaktinformasjon løn og rekneskap
Er du tilsett og har spørsmål om lønsslipp, pålogging til Visma meg sjølv, Expense reiserekning eller høve kring fråvær eller refusjon?
Ta kontakt med avdelingsleiaren din. Avdelingsleiar skal samle opp spørsmåla og sende dei til løn på e-post. Sjå kontaktpersonar under.
Vi føretrekkjer at du som er avdelingsleiar sender spørsmåla på e-post. I nokre tilfelle treng vi litt tid til å finne fram opplysningar og det vert meir effektivt for begge partar med ein skriftleg førespurnad. Du skal alltid få svar på spørsmåla dine innan to arbeidsdagar.
Møter du opptatt telefon når du ringer? Send oss ein e-post, så ringer vi deg oppatt. Vi svarar så snart som råd innan to arbeidsdagar.
Spørsmål knytt til lønsområdet? Ekspedisjonstid frå kl. 10.00 - 12.00
Spørsmål knytt til pålogging og lønsslipp
Spørsmål knytt til pålogging til Expense
Andre spørsmål om løn
Send ein e-post til lon@alver kommune.no. Det er viktig at du skriv kva avdeling du er tilsett i og kva du treng hjelp til.
Spørsmål knytt til rekneskap og fakturering? Ekspedisjonstid frå klokka 10.00-12.00
Send spørsmål på e-post til rekneskap@alver.kommune.no
Spørsmål knytt til rekneskap og moms
Spørsmål knytt til fakturering, refusjonskrav og innfordring
Spørsmål knytt til e-handel og profilar
Spørsmål knytt til brukaradministrasjon
Spørsmål knytt til Vipps
Andre spørsmål til avdelinga
For deg som er nytilsett
Velkomen som tilsett i Alver kommune!
Her finn du ein del dokument du som nytilsett må laste ned og gjere deg kjent med.
Skjema for søknad om lønsansiennitet må du laste ned og fylle ut, for at vi skal få registrert deg i lønssystemet.
Dette gjeld særskilt stillingar i skule, barnehage, helse og stillingar i drift, samt merkantile stillingar. Stillingar som ingeniør, lege, rådgjevar og psykolog m.m. har ikkje garantilønsstige og treng ikkje fylle ut.
Trykk her for skjema for søknad om lønsansiennitet
For å kunne rekne lønsansiennitet må du legge inn dokumentasjon som påverkar ansienniteten din. Dette kan vere dokumentasjon på arbeidserfaring, fyrstegongsteneste og fødselsattest om du har hatt permisjon heime med barn.
Du sender inn «søknad om lønsansiennitet» og dokumentasjon på følgjande måte:
- Trykk på denne lenka
- Fyll ut skjema, og klikk «Last opp dokument» for å leggje ved «søknad om lønsansiennitet» og dokumentasjon.
- Klikk «Send sikkert til Alver kommune»
Trykk her for å lese om reglane for lønsansiennitet i Hovudtariffavtalen kap 1 § 12
Kva skjer vidare?
Du avtalar oppstartsdato med din leiar. Når den er avklara får du arbeidsavtale til digital signering. Denne arbeidsavtalen inneheld teieplikterklæring, og den vil også gje grunnlag for å søkje politiet om politiattest i stillingar som krev dette.
Etter at du har signert arbeidsavtalen vert du meldt inn i lønssystemet, som vidare genererer naudsynte tilgangar til e-post og system. Det er viktig at du og leiar får avklara dato for oppstart i god tid, slik at riktige tilgangar kjem på plass til du er klar til å byrje hos oss.
Sjå film frå vår kommune
Dokument det kan vere nyttig å gjere seg kjent med:
Vi har tre hytter på fjellet som tilsette kan leige:
Tilsette i Alver kommune kan søkje om å få leige tre hytter:
- Gol stasjon aust (12-14 sengeplassar)
- Gol stasjon vest (5-6 sengeplassar)
- Haugastøl (10-12 sengeplassar)