HjemBarnehageBarnehagane våre

Barnehagane våre

1

Læringsverkstedet avdeling Alversund barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Austebygd barnehage (kommunal)

Kontaktinformasjon

Barnas barnehage, Hundvin, naturbarnehage (privat)

Om barnehagen

Hundvin Naturbarnehage er ein privat barnehage som starta opp juli 2006. Den ligg på Bruvoll, tett ved riksveg 37, om lag 20 minutt frå Knarvik og 10 minutt frå Lindås.

Vi har ei engasjert foreldregruppe som gjennom FAU legg til rette for sosiale møtepunkt for foreldre og barn.

Vi har ei personalgruppe som ser ditt barn og me har som målsetting at alle skal få vera med og det meste kan gjennomførast ute.

Opningstider: 07.00 – 16.30 frå måndag til fredag.

Vi har om lag 32 plassar i alderen 1– 6 år.

Kontaktinformasjon

Hundvin Naturbarnehage
Hundvinsvegen 5
5956 Hundvin

E-post: post@hundvinnaturbarnehage.no
Telefon: 91 34 54 61

Instagram: hundvin_naturbarnehage

Trykk her for å gå til facebooksida til barnehagen.

I Hundvin Naturbarnehage veks det robuste barn på trær, på steinar og i sølepyttar. Dei har nokre gonger for korte gummistøvlar. Dei har nokre gonger skrubbsår. Men dei har alle gode opplevingar med å få bruka heile kroppen sin. Dei får uteaktivitet gjennom heile året! For barna er alt vèr noko dei kan bruka, undra og gleda seg over. Forutan inngjerda leikeplass med leikeapparat, har vi eit naturområde med grillhytte rett ved. Vi disponerer også etablerte uteområder; Leirplassen og Spindelvevskaret. Her er det sett opp lavvo, bålhus, gapahuk, scene, vedskjul, sekkeskur og utedo. Her har vi samlingar, måltid, kokar middag og ulike former for leik - både som er vald av barna og som vi tilbyr dei.
Vi har også mange flotte tur-moglegheiter, både på stiar, skogsvegar og trygge vegar med gangfelt. På tur stoppar vi gjerne i Krokodilleskogen. Her undrar vi oss, studerer, les ei bok, dramatiserer eit eventyr, lagar kunst eller berre ligg heilt i ro å nyt naturen.

Kom gjerne på besøk til oss for å sjå korleis vi har det!

Trykk her for å lese vedtektene til barnhagen.

Kløvheim naturbarnehage

Trykk her for å gå til facebooksida til barnehagen.

Trykk her for å sjå barnehagen sine vedtekter

E-post: postklovheim@klovheimnaturbarnehage.no

Blåklokka barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Bø barnehage (kommunal)

Om barnehagen

Bø barnehage ligg i Bøvågen og held til i eit nytt, stort og flott barnehagebygg. Bygget var ferdig i slutten av 2020, og barna hadde sin første barnehagedag her i byrjinga av januar 2021. Hordabø skule er barnehagen sin næraste nabo, som me samarbeider tett saman med. Elles har barnehagen gangavstand til nærbutikken, næringsområdet, kyrkja, samt fine turområder.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon avdelingane våre

Barnehagen tok i bruk dei nye lokala i januar 2021. Det er totalt seks avdelingar disponibelt, frå februar 2021 er det drift i fire av dei.
Dette barnehageåret har vi ein avdeling med 4-5 åringar, ein avdeling med 3-4 åringar, og to avdelingar med 1-2 åringar. Avdelingane samarbeidar om morgonen og ettermiddag så barn og vaksne vert godt kjend med kvarandre.
Avdelingane er ute kvar dag, enten på tur i nærmiljøet eller på uteområdet til barnehagen. Me har fått eit stort uteområde med nye leikeapparat, så her er det kjekt å utforske. Grillhytta «rett over vegen» er også ein populær stad å leike på, men også til å ha ulike aktivitetar. Barnehagen har også fått si eiga snekkerbod – «Trelast’n», som avdelingane kan bruke til å ha ulike sløydprosjektet.
Avdelinga har to grupperom som dei disponerer. Det er ulikt korleis avdelingane har organisert grupperomma, men det gjer dei moglegheit til å dele borna inn i mindre grupper til rolegare aktivitetar.
Me har også eit flott fellesrom, «Leite», der me med anna kan samle alle avdelingane til felles arrangement. I andre etasje er personalavdelinga, samt eit rom som me i desse dagar held på å lage til som bibliotek / språkrom.

Årsplan

Trykk her for å laste ned årsplan

Drømmehagen barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Espira Marthahaugen barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Trykk her for å lese vedtektene til barnehagen.

Haugen barnehage (kommunal)

Om barnehagen

Haugen barnehage er ein god stad å vere. Målet vårt er å skape ein barnehage for trygge og glade barn. Vi legg vekt på leik og samspel og fyller dagane med Humor Aktivitet, Undring, Glede, Engasjement og Nestekjærleik.

Haugen barnehage ligg sentralt i Knarvik, nær Skysstasjonen og Knarvik senter. Uteområdet til barnehagen er stort og luftig med moglegheit for all slags leik til alle årstider. Vi brukar området rundt barnehagen til turar, mellom anna området rundt Kvassnestemma (også kalla Andedammen). Stadar som «Brekkeløypa» og natur rundt der blir også nytta.

Nøkkelinformasjon

  • Opningstid: Frå 07.00 til 17.00
  • Kommunal barnehage frå 1994
  • Avdelingsbarnehage med to avdelingar
  • Tal barn: 36
  • Årsverk tilsette: 10
  • Uteareal: 3637 m²
  • Inneareal: 350 m²

Kontaktinformasjon til avdelingane våre

  • Gulspurv er for dei eldste barna frå 3 til 6 år
    Telefonnummer til avdelinga: 56 37 53 96
  • Raudstrupe er for dei yngste barna frå 1 til 2 år
    Telefonnummer til avdelinga: 56 37 53 91


Maria Grotle
Styrar
Telefon: 56 37 53 92 
E-post: maria.grotle@alver.kommune.no

Slik jobbar vi

Vi jobbar med språk og sosial kompetanse. Barna brukar språket i alle samanhengar, og er ein viktig del av bagasjen dei tar med seg når dei startar på skulen. Saman med sosial kompetanse er språket utgangspunkt for læring vidare i skuletida og resten av livet.

Fagområdet vi har hovudfokus på er kommunikasjon, språk og tekst. Då brukar vi ulike metodar som «Dialogisk lesing», «Teikn til tale» og beskrivande kommentarar i leiken til barna. Vi les mykje, både åleine og saman i grupper med barn og vaksne. Bokbussen har stopp utanfor barnehagen kvar 14. dag, og tilbodet er mykje brukt av oss, samstundes som vi nyttar oss av biblioteket i senteret.

Gjennom heile året har vi mange felles aktivitetar på tvers av avdelingane - både planlagde og spontane. Dette gjer at personalet kjenner godt til kvart barn og kven familien er. Fellesaktiviteten som har lengst tradisjon her i barnehagen er «Haugenmila». Den har vi hatt kvart år sidan 1998. Vi brukar Vigilo som kommunikasjonskanal mellom barnehage og heim, i tillegg til den daglege kontakten i bringe – og hentesituasjonar.

Dagen startar med frukost, deretter samlingsstund på begge avdelingane.

For dei yngste, ser ein vanleg dag i barnehagen slik ut:

  • Utetid, gjerne ut på tur
  • Lunsj i barnehagen
  • Kvilestund
  • Frukt
  • Frileik

For dei eldste, ser ein vanleg dag i barnehagen slik ut:

  • Ulike typar gruppeaktivitetar, gjerne ut på tur
  • Lunsj på tur eller lunsj på avdelinga
  • Uteleik på barnehagen sitt område
  • Frukt
  • Frileik

Årsplan og vedtekter

Trykk her for å laste ned årsplanen.

Trykk her for å laste ned vedtekter til dei kommunale barnehagane våre.

Råd og utval

Trykk her for å lese om Foreldreutvalget for barnehager (FUB), det nasjonale utvalet for barnehager.

Hilland familiebarnehage «Smilehullet» (privat)

Trykk her for å lese meir om barnehagen.

Trykk her for å sjå vedtektene til barnehagen

Juvikstølen barnehage (kommunal)

Om barnehagen

Juvikstølen barnehage ligg sentralt plassert på Juvikstølen i Knarvik, og er omkransa av flotte turområde, Brekkeløypa og idrettsbanen. Vi legg spesielt vekt på å styrke den emosjonelle og sosiale kompetansen til barnet, og jobbar for å fremje positivt samspel mellom barna og mellom barn og vaksne.

Nøkkelinformasjon

  • Opningstid: 07.00 til 17.00
  • Kommunal barnehage
  • Avdelingsbarnehage med 7 avdelingar
  • Areal: Juvikstølen barnehage har eit godkjent leike- og opphaldsareal på  694 m²

Kontaktinformasjon til avdelingane våre

  • Filosofen for 3-6-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 48 89 18 81
  • Kunstnaren for 3-6-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 48 89 18 80
  • Utforskaren for 3-6-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 94 53 80 73
  • Forskaren for 3-6-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 48 89 18 79
  • Fabelen for 1-3-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 48 89 18 78
  • Draumelandet for 1-3-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 48 89 18 76
  • Stjernehimmelen for 1-3-åringar
    Telefonnummer til avdelinga: 48 89 18 75

Kontaktinformasjon til administrasjonen

Slik jobbar vi

Det skjer mykje i løpet av ein vanleg dag i Juvikstølen barnehage! Vi har ulike rom for ulike aktivitetar, mellom anna atelier, klosserom, sanserom, språkrom og dramarom.

To og to avdelingar samarbeider om morgonen og ettermiddagen. Barna blir difor godt kjend med «naboane» på avdelinga ved sida av. Barna blir ofte delt inn i mindre grupper slik at dei får det rolegare rundt seg. Vi har samlingsstund med forteljing, dramatisering og mykje song og musikk.

I løpet av dagen er det også uteaktivitetar. Innanfor gjerdet har vi både godt opparbeidde leikeområde og urørte naturområde som vi brukar. Eit stykke frå barnehagen har vi sett opp ei grillhytte, og dei store avdelingane legg gjerne turdagar dit.

Vi har faste tradisjonar som Juvikstølenmila rundt Brekkeløypa, og julegrantenning der også foreldra får vere med. Fleire gonger i året samlar vi barna til felles opplevingar som karneval, påskesamling og nissefest.

Foreldreundersøking

Trykk her for å laste ned svar på foreldreundersøkinga i desember 2021.

Årsplan og vedtekter

Trykk her for å laste ned årsplan

Trykk her for å laste ned vedtektene til dei kommunale barnehagane våre.

Råd og utval

Trykk her for å lese om Foreldreutvalget for barnehager (FUB), det nasjonale utvalet for barnehager.

Knarvik barnehage AS (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Lindås barnehage (kommunal)

Om barnehagen

Lindås barnehage ligg sentralt på Lindås, med gangavstand til idrettshall, fotballbaner, bibliotek og flotte turområder. Barnehagen har eit spesielt fokus på sosial- og emosjonell kompetanse. Vi ynskjer å fremje positivt samspel mellom borna og mellom born og vaksne.

Sommaren 2021 flyttar barnehagen inn i ny, flott barnehage, som med si utforming og innhald støttar barnehagen i å nå sine mål; leik, læring og meistring for alle! Informasjon og bilete frå prosjektet finn de i lenka under.

Trykk her for informasjon om den nye barnehagen

Kolås barnehage - ein god start!

Nøkkelinformasjon

Kontaktinformasjon til avdelingane våre

  • Nordlyset, barn 1-2 år
    Telefonnummer til avdelinga: 41 43 12 81
  • Solstrålen, barn 1-3 år
    Telefonnummer til avdelinga: 47 46 28 79
  • Iskrystallen, barn 2-3 år
    Telefonnummer til avdelinga: 40 91 26 78
  • Regndropen, barn 4-6 år
    Telefonnummer til avdelinga: 40 91 26 80

Slik jobbar vi

Barnehagen er inndelt i soner, slik at leike- og opphaldsarealet skal væra oversiktleg for borna, både inne og ute.
Borna har tilhørlighet på kvar sin avdeling med tilhøyrande grupperom. Vi har også nokre spesialrom, og desse saman med avdelingsarealet, ivaretek borna sine behov og interesser. Vi har motorikkrom både på småbarn og på stor avdeling. Dei inneheld leikemøblar som innbyr til fysisk aktivitet, med blant anna seilebane og matter på småbarn, og klatrevekk, tjukkas og balansebenkar på stor avdeling. I ateliera, eit på småbarn og eit på storbarn, har vi tilgjengeleg formingsmateriell og naturmaterialar, som borna kan nytta på eiga hand og saman med vaksne. Nærleiken til barneskulen gjer at overgangen frå barnehage til skule gjerne opplevast som tryggare, ettersom borna er kjende i miljøet.
Barnehagen har store, fine uteområde, som både inneheld både opparbeida leikeplass og naturleikeplass med skogbunn, gras og trær. Barnehagen nyttar også turområder i nærmiljøet og her heldige som har Den Trondhjemske Postveg som næraste nabo. Vi har skog og mark, fjell og sjø i gangavstand.

Årsplan og vedtekter

Trykk her for å laste ned årsplanen 2020-2021

Trykk her for å laste ned vedtektene for dei kommunale barnehagane våre

Råd og utval

Trykk her for å lese om Foreldreutvalget for barnehager (FUB), det nasjonale utvalet for barnehager.

Leiketun barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Trykk her for å sjå barnehagevedtektene til Leiketun barnehage.

Leiknes FUS barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Leirdalen barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Trykk her for å sjå barnehagevedtekter for Leirdalen barnehage.

Lykkeliten barnehage (privat)

Trykk her for å lese meir om barnehagen.

Trykk her for å sjå barnehagevedtekter for Lykkeliten barnehage.

Læringsverkstedet Maurtua barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Marihøna barnehage (kommunal)

Om barnehagen

Marihøna barnehage er ein barnehage med to avdelingar eigd av Alver kommune. Vi har opningstid måndag til fredag frå klokka 07.00 - 17.00 og er å finne sentralt på Frekhaug.

Vi tek imot barn frå 0-6 år, der dei yngste (0-3 år) går på gul avdeling og dei eldste (3-6 år) går på raud avdeling. Gruppesamansetninga kan variere noko frå år til år.

 

Nøkkelinformasjon

  • Opningstid: klokka 07.00 - 17.00
  • Kommunal barnehage
  • Avdelingsbarnehage med to avdelingar

Kontaktinformasjon

Slik jobbar vi

Vi som jobbar i Marihøna barnehage ønskjer å gje barna ein trygg oppvekst med fokus på omsorg, danning, leik og læring. Vi jobbar bevisst med barns rettar, sett ut frå FN sin Barnekonvensjon. Marihøna barnehage har eit inkluderande miljø, der vennskap, likeverd og respekt vert høgt vektlagt. Vi kan tilby ein barnehagekvardag rik på gode opplevingar, turar og samspel.

Personalet i Marihøna barnehage består av engasjerte og omsorgsfulle vaksne, som gjer seg god tid i samspel med barna. Vi lyttar og justerer oss, slik at alle barn blir møtt med omsorg og varme. Samspelsmetoden ICDP er vår grunnleggande plattform og utgangspunkt for vårt pedagogiske arbeid.

I Marihøna barnehage gjer vi barna eit mangfaldig barnehagetilbod av høg kvalitet. Vi skal sjå det enkelte barn sin verdi og skape gode fellesskap der barna blir sett og bekrefta. Vi jobber etter visjonen "Marihøna barnehage – med ditt barn i fokus", med utgangspunkt i kjerneverdiane: nærleik og varme, glede og humor, likeverd og respekt.

Trykk her for å sjå vår årsplan

Trykk her for vår plan for inkluderande barnehagemiljø

Trykk her for vedtekter

Natås barnehage SA (privat)

Trykk her for å gå til facebooksida til barnehagen. 

Trykk her for å sjå barnehagevedtekter for Natås barnehage

Ostereidet FUS barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Prestmarka barnehage (kommunal)

Om barnehagen

Prestmarka barnehage ligg sentralt på Manger fordelt på to bygg – hovudbygg bak Coop og Solhall ved sida av legekontoret. Barnehagen har gangavstand til idrettshall, symjehall, fotballbaner, bibliotek og flotte turområde.

Kontaktinformasjon til administrasjonen  

Avdelingane våre

Prestmarka barnehage har 10 avdelingar (5 på kvart bygg). I hovudbygg : Småstova raud , Småstova blå og Kjellarstova for born 1- 3 år - Nordastova og Sørastova for barn i aldern 3-4 år. Solhallbygget : Småbarn 1 og 2 for born i alderen 1- 3 år , Solstrålen for 3-4 år og Solhall A og B er førskulegrupper. Avdelingane samarbeider på morgonen og ettermiddagen, slik at born og vaksne vert godt kjende med kvarandre. 

Kontaktinformasjon til avdelingane våre

Solhall Bygg:

Hovudbygg: 

 

Barnehagen har eit spesielt fokus på sosial- og emosjonell kompetanse. Vi ynskjer å fremje positivt samspel og relasjonar mellom barna og mellom barn og vaksne.

Vi har og eit godt samarbeid med Manger barneskule der dei fleste av førskuleborna våre skal starte på skulen. Det er gangavstand frå barnehagen til skulen.

Begge bygga har fine uteområde. Avdelingane nyttar også turområder i nærmiljøet. Trygge, bilfrie gangvegar med tilknyting til skog og mark. Sjø og fjell er også i gangavstand. Me prøver at alle avdelingane har minst ein turdag i veka. Turane er tilpassa bornas alder og modning og skal gje tid og rom til det borna er opptatt av; vatn som sildrar, eit rart tre, ein traktor, å samle, sortere, samanlikna og så vidare. Vi går og på besøk til kvarandre på tvers av bygga. Det er kjekt å komme på ein anna leikeplass av og til.

Sjå ellers utfyllande informasjon i årsplanen til Prestmarka barnehage.

Seim barnehage AS (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Solhaugen barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Trykk her for å sjå barnehagevedtektene til Solhaugen barnehage.

Sæbø barnehage (kommunal)

Om barnehagen

Sæbø barnehage ligg i Austmarka like ved sida av Sæbø skule.

Kontaktinformasjon:

Styrar: Tony Vetaas
E-post: tony.vetaas@alver.kommune.no
Telefon: 46 29 95 56/47 60 24 24

Kontaktinformasjon avdelingane:

Vi har gode fasilitetar både innandørs og på uteområdet. I tillegg er det kort veg til turområder og friluftsområde ved sjøen. 
Barnehagen er for tida open 7-17 kvar vekedag heile året.
Vi har i dag plass til cirka 50 barn fordelt på 3 utvida avdelingar alle med 24 plassar.
Kor mange barn som vil vera på kvar avdeling avhenger av antall barn under 3 år i forhold til antall barn over 3 år, då barn under 3 år tel for to plassar.
I dag har vi ein småbarnsavdeling som heiter Fanten, ein mellom avdeling som heiter Raffen og ein avdeling for dei største borna som heiter Flode.
Ved tilnærma fulle avdelingar er grunnbemanninga 1 pedagogisk leiar, 1 barnehagelærar og 2 fagarbeidarar/assistentar på kvar avdeling.

Årsplan:

Trykk her for å laste ned årsplan for Sæbø barnehage.

Trollskogen barnehage (privat)

Trykk her for å gå til heimesida til barnehagen.

Wilhaven familiebarnehage (privat)

Trykk her for å lese meir om barnehagen.


Sist oppdatert: 05.11.2023
Publisert: 30.05.2018