Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid
Slik søkjer du
Trykk her for å gå til søknadsskjema for redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.
- Søknader som kjem før 1.august gjeld frå 1.august og ut barnehageåret.
- Søknader som kjem frå 1.august gjeld frå første heile månad etter søknadstidpunktet og ut barnehageåret.
Har du rett på redusert foreldrebetaling?
Du har rett på redusert pris om:
- Maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga
Har du rett på gratis kjernetid?
Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.
Dersom maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga, kan du/de søkje om gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart.
Frå 1. august 2023 vert inntektsgrensa sett til 615 590 kroner.
Makspris
Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Makspris frå 1. januar 2023 er 3 000 kroner per månad.
Dersom kommunen skriv vedtak om redusert foreldrebetaling/ gratis kjernetid vil barnehagen trekkje dette frå på rekninga.
Maksprisen gjeld alle typar barnehagar, uavhengig om dei er offentlege eller private. Grensa vert fastsett av Stortinget. Barnehagane kan kreve betaling for kost (matpengar) i tillegg til maksprisen.
Les meir
Trykk her for å lese meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider