HjemBarnehageBarnehagemiljø

Barnehagemiljø

Nytt regelverk

Frå 1. januar 2021 fekk barnehagen eit nytt regelverk for barnehagemiljøet. Barnehagen skal arbeide førebyggjande og kontinuerleg for å fremje helsa, trivnaden, leiken og læringa til barna og hindre og gripe inn mot krenkingar.
Når eit barn eller foreldra seier at barnet ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø, skal barnehagen undersøkje saka og så langt det finst eigna tiltak, sørgje for at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø.

Barnehagen si aktivitetsplikt
  • Alle som arbeidar i barnehagen må følgja med på at barna har det bra. Om ein vaksen i barnehagen får vita om, eller får mistanke om at eit barn blir utsett for krenkingar skal dei gripa inn, undersøkja saka og setje inntiltak som gjera at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø.
  • I alvorlege tlfelle skal styrar melde til barnehageeigar.
Aktivitetsplikta
  • Plikt til å følgje med

    • Alle vaksne i barnehagen har ei plikt til å følgja med på korleis barna har det. Dette er eit arbeid som skal foregå kontinuerleg og systematisk.
  • Plikt til å gripe inn

    • Alle vaksne i barnehagen skal gripe inn viss barn vert utsett for krenkingar.
  • Plikt til å varsle

    • Alle som arbeidar i barnehagen skal melde frå til styrar i barnehagen dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø.
  • Plikt til å undersøkje

    • Plikta starter når ein har mistanke om, eller får kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemijø. Barnehagen skal undersøkje barnet si oppleving og skal finne ut kva som er årsaka til at barnet ikkje har det bra.
  • Plikt til å setje inn tiltak

    • Barnehagen har ei plikt til å utarbeida ein skriftleg plan med eigna tiltak. Tiltaka skal veljast på grunnlag av ei konkret og fagleg vurdering.

I den skriftlege planen skal det stå:

  • kva problem som skal løysast
  • kva barnehagen har planlagt
  • når tiltaka skal gjennomførast
  • kven som skal gjennomføra tiltaka
  • når tiltaka skal evaluerast
Skjerpa aktivitetsplikt
  • Om ein som arbeidar i barnehagen får mistanke om, eller kjennskap til at ein annan som arbeider i barnehagen krenkar eit barn, skal vedkomande straks melda til styrar i barnehagen. Styrar skal melde i frå til barnehageeigar.
  • Dersom ein som arbeidar i barnehagen får mistane eller kjennskap til at styrar i barnehagen krenkar eit barn, skal vedkomande melda direkte til barnehageeigar.
Ta kontakt med barnehagen

Om du oppdagar at ditt eller andre sitt barn blir mobba eller av andre grunnar ikkje har det bra i barnehagen, er det viktig at du melder i frå til barnehagen. Om eit barn i barnehagen ikkje opplever å ha det bra, må barnehagen følgje opp dette.

Dersom du opplever at barnehagen ikkje tek uroa di på alvor, kan du kontakte barnehageeigar. For dei kommunale barnehagane er dette tenesteleiar barnehage.

Du kan også ta kontakt med barnehagemynde viss du opplever å ikkje bli tatt på alvor. Barnehagemynde kan du kontakte både viss barnet ditt går i privat eller kommunal barnehage.

Barnehagemynde i Alver kommune er Leif Bjørnar Hopland, fagansvarleg på stab oppvekst.

Les meir

Trykk her for å lese forskift om miljøretta helsevern i skular og barnehagar.

Trykk her for å lese informasjon på Utdanningsdirektoratet sine sider om den nye lova.


Sist oppdatert: 04.10.2023
Publisert: 22.12.2020