HeimBarnehageSøkje plass

Søkje plass

Velkommen som søkjar til barnehagane i Alver! Du kan søkje barnehageplass heile året når barnet ditt har fått fødselsnummer. Bruk det elektroniske skjemaet i Vigilo for å søkje både kommunale og private barnehager. 

Søkje barnehageplass

I Alver kommune er det både kommunale og private barnehager. Dersom du har spørsmål om ledige plasser og søkjarlister kontaktar du den einskilde barnehage. Sjå oversikt over barnehagane våre:

Trykk her for å lese meir om alle barnehagane i kommunen vår.

Søkjarlistene vert sortert etter prioritet og barnet sin fødselsdato. Kva dato du leverer søknaden, påverkar ikkje opptaket.
Einskilde barn har rett til prioritet. Hvis du søkjer om prioritet må du sende inn dokumentasjon.

I barnehagene sine vedtekter finn du meir informasjon om barn som kan få prioritet ved opptak. Vedtektene finn du på Vigilo under kvar barnehage, eller ved å kontakte den einskilde barnehage.

Suppleringsopptak

Opptak skjer fortløpende gjennom heile året. Ledige plasser blir fordelt til dei som har søknad inne. Søknader for barn som ikkje fyller kriteriene for lovfestet rett til barnehageplass, blir behandlet i suppleringsopptaket.

Slik søkjer du 

NB: Viktig Informasjon til føresette som skal søkje barnehageplass. Ved enkelte høve kan søkjar oppleve at det kjem opp feilmeldingar når dei skal sende søknad. Her er viktig informasjon om korleis du går fram for å sende inn søknaden.

Kontroller at du har rett Nettlesar. Det er viktig å bruke Google Chrome nettlesar når du skal søkje barnehageplass. Det er viktig at du skriv korrekt inn i skjemaet. Dersom det kjem opp feilmelding når du søkjer barnehageplass kan du sende inn feilmelding til Vigilo kundesupport, eller ta kontakt med kommunen.

  • Du søkjer elektronisk og må registrere ein eigen søknad for kvart barn. Søkjar må ha foreldreansvar. Ved felles/delt foreldreansvar skal de oppgje begge føresette i søknaden.
  • Du kan søkje inntil tre barnehager. Før du søkjer kan det være lurt å lese barnehagen sine vedtekter som gjev informasjon om til dømes opptakskrins, opptakskriterier, ferie, oppseiing, pris og opningstider.
  • Innflyttarar utan norsk personnummer kan levere papirsøknad eller få hjelp til å sende søknad.Ta kontakt med Alver kommune om dette.

Trykk her for å søkje barnehageplass 

Trykk her for kundesupport Vigilo

Trykk her å sjå vedtekter for kommunale barnehagar

I juli kan det ta litt lenger tid før du før svar på om vi har mottatt søknaden din.

Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. mars.

Du kan sende søknad heile året, og vil bli sett på venteliste. Du får tilbod om plass dersom barnehagen har ledig plass.

Trykk her for å lese meir om alle barnehagane i kommunen vår.

Har du spørsmål om opptaket kan du kontakte rådgjevar Mette Marei Træland på telefon 97 15 96 40.

Du kan og ringe sentralbordet på telefon 56 37 50 00. og be om å snakke med tenesteleiar for barnehage Mona Hagewick 

Kva kostar det?

Full plass

Frå 1. januar 2021 kostar ein full barnehageplass 3.230 kroner per månad. Matpengar kjem i tillegg.

Redusert betaling og søskenmoderasjon

Du kan få redusert pris dersom du har fleire barn i barnehagen eller har låg inntekt.

Trykk her for å lese meir om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.

Har du rett på plass?

Kven har rett på barnehageplass?

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • bu i kommunen
  • søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars

Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er født desse fire månadane må med andre ord ikkje betale for plassen før dei startar i barnehagen.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. I denne perioden kan du ikkje endre på søknaden.

Du kan sjølvsagt søkje barnehageplass utanom hovudopptaket og få tilbod om vi har ledige plassar.

Har barnet ditt rett til prioritet?

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • barn med nedsett funksjonsevne
  • barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars. 

Flytte, bytte eller seie opp plass?

Flytte eller bytte plass?

Flyttar du til ein annan stad i kommunen kan du behalde barnehageplassen du har. Ønskjer du plass i ein annan barnehage, må du sjølv søkje om ny barnehageplass.

Trykk her for å gå til barnehagelova.

Reglar for oppseiing
  • Skal barnet ditt slutte i barnehagen i løpet av barnehageåret, må du sende oppseiing av plassen i Vigilo minst to månader før barnet skal slutte. 
  • I tillegg kan private barnehagar ha krav om skriftleg oppseiing i papirform.
  • Dersom barnet sluttar etter 1. april, kan vi krevje betaling for resten av barnehageåret.
  • Du treng ikkje å seie opp plassen når barnet ditt startar på skulen. Dette skjer automatisk for barn i både private og kommunale barnehagar.
  • Private barnehagar har eigne vedtekter.
Slik seier du opp plassen din

For oppseiing i kommunale barnehagar må di sei opp plassen din i Vigilo minst to månader før barnet skal slutte.

For private barnehagar tek du kontakt med din barnehage.


Sist oppdatert: 01.03.2021
Publisert: 30.10.2020